Sport | 23. mai 2012

Første EM-runde i Belgia

Han har kjørt VM før, men ikkje EM, vassjetkjørar Markus Slettebakken. I helga blei det OK plassering i første av tre EM-rundar.

Første EM-runde i Belgia
Markus, her på sin eigen jet i VM i fjor. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. mai 2012 07:10

Vassjetkjørar Markus Slettebakken frå Os, som kjører for Hjellestad Jetskiklubb, har deltatt i fleire internasjonale løp før, blant anna VM i Las Vegas, der han i fjor tok bronse.

I helga debuterte han i EM, som er delt i tre løp utover året. Første runde gjekk i den belgiske hovudstaden Brussel.

– Eg tok ikkje med eigen jet, men lånte ein på staden. Den var god å kjøra, men det optimale ville sjølvsagt vore å kjøra på den eg elles trener og konkurrerer med, seier Markus.

Landa på 5. plass

Laurdag kjørte dei 19 deltakarane "pole-position", kamp om å vera først å velja kvar ein står på starten i første teljande runde.

– Der kom eg på 6. plass.

Så venta første heat laurdag ettermiddag og to heat søndag. Markus kom på 6. plass også i første heat, men klatra til 5. plass i begge heata søndag.

– Det blei 5. plass samanlagt, seier Slettebakken.

Trenaren Ronny Mangerud kom på førsteplass, treningskameraten Stian Schetlein på 2. plass.

Neste konkurranse for Markus blir sesongens første noregscup, som går på heimebane på Hjellestad 2. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.