Lokal | 15. juni 2011

Første fangstrapport

Første dag med parkeringsvert: Thomassen gav tilsnakk til 50. Kor mange trur du fekk gebyr?

Første fangstrapport
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. juni 2011 19:05

I dag starta kommunen sin parkeringsvert, Elisabeth Thomassen, å handheva parkeringsreglande i Os sentrum. Det vil seia, ny skilting, oppmering og nokre nye reglar som skal koma, er ikkje på plass, så førebels går det på generelle punkt i vegtrafikkloven, som stopp-forbod og bruk av handikapp-plassar.

Les òg:
Blanda mottaking

– Dei som var i nærleiken av bilen då eg oppdaga lovbrotet slapp stort sett unna med tilsnakk. Eg sendte nok rundt 50 vidare utan gebyr, seier Thomassen.

I løpet av dagen blei det likevel 17 gebyr, kvart av dei på 500 kroner.

– Eg tok nokre rundar, men var ikkje ute i felten heile tida. Eg kunne nok ha skrive ut det tredoble, men folk skal få ein sjanse.

Verst i Brugata

Syndarane varierte frå å stå på plassar der det er forbode til plassar der det er stopp-forbod.

– På Øyro, vegen mellom S. Tvedt og Paul M. Sælen, var det ein del som parkerte sjølv om det er forbode å stoppa, men det var utanfor apoteket i Brugata at det var verst. Den eine gongen sto det fem bilar der på same tid.

Fine tilbakemeldingar

Ein irritert butikkeigar og ein sint bilist var dei to negative tilbakemeldingane i dag, elles tok folk fint imot den nye handhevinga av reglane.

– Folk ser ut til å forstå at det er på høg tid at det blir orden på parkeringa i sentrum. Nokre mobba mannen sin for at han hadde fått gebyr, andre tok det fint og såg ut til å ta det som ein lærepenge.

Står for lenge

Førebels blir det ikkje sett fokus på brot på 2-timarsregelen, ein regel det enkelte plassar er skilta for.

– Men nokre bilar har stått på vekesvis og andre sto der heile dagen i dag. Om ikkje dette betrar seg kjem eg, ved grove overtramp, på plassar der det er skilta, til å følgja opp som ved andre brot på parkeringsreglane.

Står du parkert på 2-timarsplass heile arbeidsdagen kan du med andre ord ikkje føla deg trygg.

– Målet er å frigje plass til handlande i sentrum, kundane og butikkane skal få det betre, seier parkeringsverten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.