Sokneprest Margrethe Holmboe Askeland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sokneprest Margrethe Holmboe Askeland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Første gudsteneste på over to månadar

Søndag 17. mai opnar kyrkja igjen - sånn har koronatida vore.

Kjetil Vasby Bruarøy
15. mai 2020 - 10:21
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Fredag 13. mars blei alle arrangent i Os kyrkjelyd avlyst, med unntak av gravferd for begrensa følgje. Veka etter blei alle konfirmasjonar utsette til hausten.

I starten på mai kom bransjestandarden for gjennomføring av gudstenester, no er det klart at første gudsteneste i Os kyrkje blir på grunnlovsdagen.

– Vi gler oss til endeleg å kunna feira gudsteneste i kyrkjene i Os igjen, seier sokneprest Margrethe Holmboe Askeland.

Gudstenesta kan ikkje ha fleire enn 50 deltakarar. Du kan melda deg på for å sikra plass, men det er òg mogleg å møta fram på dagen og håpa på plass.

– Å registrera kven som er på gudsteneste er i utgangspunktet ikkje greit, men som smitteverntiltak er det no eit krav. Lista blir handsama konfidensielt, og etter karantenetida (ti dagar) blir den makulert, forsikrar Holmboe Askeland.

Tungt å ikkje ha plass til alle

Soknepresten skal sjølv halda gudstenesta 17. mai. Holboe Askeland går av med pensjon til sommaren, og fleire av vigslane ho skulle hatt på forsommaren er utsette.

– Mange som skal gifta seg vel datoar før eller etter fellesferien. Dei som er utsette frå i vår vel kanskje neste vår. No er det ein god sjanse for at vi får lov å samla 200 menneske frå juni av, men eg kjenner ikkje til kor mange bryllaup det ligg an til å bli i sommar eller tidleg haust.

Gravferder har gått som normalt, men med grense som har vore nede i 25, og som frå mai kom opp i 50 tilhøyrarar.

– Det har vore ei spesiell tid, og det har nok vore vanskeleg for mange pårørande å velja kven som skal vera med. Nokre gongar har det ikkje vore plass til heile familien ein gong.

– Samtidig opplever vi ei stor forståing for tiltaka vi har måtta retta oss etter.

I snitt er det rundt to gravferder i kyrkjene i Os i veka. På det mest travle har Askeland og kollegaene vore oppe i seks gravferder på to veker.

– Dåp har vi gjennomført med éin og éin familie inne i kyrkja. Det har vore ein kort seremoni, og vi har gjerne klart tre barnedåpar på ein søndag formiddag. Nokre har òg utsett dåpen til seinare, i håp om å få fleire med.

Nyoppussa 150-åring

Os kyrkje er 150 år i år. Hausten 2018 blei fasaden pussa opp og malt, i vinter har kyrkja blitt varmare.

Nymalt Os kyrkje i november 2018. (Foto: KOG)
Nymalt Os kyrkje i november 2018. (Foto: KOG)

– Det er ikkje så mykje av det innvendige som syns, med unntak av nokre grågrøne dører som har blitt raude, og nymåla preikestol og døypefont.

– Vindauga er isolerte på nytt frå innsida, med unntak av glasa med teikningar på, som vi i samråd med Riksantikvaren valte å isolera frå utsida.

Varmerøra under benkane, som kunne laga svimerke på finskoa, er òg skifta ut.

Glasa med teikningar på er isolerte frå utsida. (Foto: KVB)
Glasa med teikningar på er isolerte frå utsida. (Foto: KVB)

 

Les meir om

Lokal Korona Kultur