Sport | 11. mars 2015

Første med svart belte

Amanda Njøten (18) blei første kvinne med svart belte i Os Karateklubb sidan starten i 1983.

Første med svart belte
Amanda Njøten blei gradert under ei nasjonal samling på Voss, av britiske sensei Jon Wicks, som sjølv har 8. grad svart belte. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. mars 2015 07:49

32 år gamle Os Karateklubb har nyleg fått sin første kvinnelege svartbeltar.

- Vi har svært strenge krav til svart belte. Ein må minst vera 18 år og normalt ha trent fast i 5-10 år og ha eit teknisk og fysisk høgt nivå, seier Cato Bruarøy, hovudinstruktør i Os karateklubb.

God start

Amanda har hatt ein perfekt start på året. For nokre veker sidan vann ho NM-gull i karate i seniorklassen, som førsteårs senior.

No har ho sikra seg det etterlengta svarte beltet i WIKF Wado Ryu karate. Graderinga fann stad under ei nasjonal samling på Voss. Engelske Jon Wicks (8. dan) var eksaminator.

- Heile klubben er stolte over Amanda! Ho er også ein viktig del av det gode miljøet vårt. Amanda er blid og initiativrik, ho trener hardt og målretta, og kvar veke stiller ho opp som instruktør for dei minste borna, fortel klubbleiar Vidar Mjånes.

Inspirasjon for dei yngre

For å førebu Amanda best mogleg har Mjånes sjølv stilt opp med spesialtrening for ho dei siste månadene. Regjerande norgesmeister i karate i tungvektsklassen, Henrik Reed-Larsen, har vore sparringspartner og var partnar under graderinga.

- Det er mange born som trener i Os Karateklubb, og vi veit at spesielt mange jenter har blitt inspirerte av Amanda sine prestasjoner. Det går nok ikkje 32 år til neste jente med svart belte i klubben, seier Cato Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.