Kultur | 01. mai 2017

Første oppdrag med Baronen AS

Leverer lyd til små konsertar: Fire kameratar frå Os har starta firma saman.

Første oppdrag med Baronen AS
Torodd Rimstad og Eirik Walle i Baronen AS leverte lyd til moteshow med Jan Thomas på Amfisenteret laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. mai 2017 06:49

Under moteshowet med Jan Thomas på Amfisenteret laurdag var det nystarta selskapet Baronen AS på plass med lydutstyr.

– Dette er faktisk det første oppdraget vårt, seier to av dei fire eigarane, Torodd Rimstad og Eirik Walle.

Erfaren hobby-lydmann

Torodd har drive med musikk i mange år, dei siste åra også med utleige av utstyr og lydmannteneste med enkeltmannsforetaket Rimstad Event.

– Alt har vore på på fritida, men det beste året tilsvarte omsetnaden ei grei årslønn, fortel han.

– Eg har halde på i mange år, men det er på hobbynivå, understreker han.

Anlegget til Torodd eignar seg for konserterar med opptil rudt 250 publikummarar. Då han i vinter ville selja utstyret ringte han til ein kamerat som har vore kunde kvar år.

– Torodd har stilt med lyd til Baronsfestivalen dei siste seks-sju åra, og ringte og spurde om eg ville kjøpa heile utstyrspakken, fortel Eirik Walle.

Starta firma i bil, på veg til konsert

Eirik hadde ikkje plan om å kjøpa lydanlegg til den private festivalen han og broren har arrangert i foreldra sin hage i Os sentrum i over ti år.

I staden gjekk Walle, Bjørn Stian Bjoarvik og Tor Espen Skoglund saman med Torodd og starta nytt selskap som overtok utstyret.

– Det heile blei avgjort då tre av oss sat i ein bil på veg til konsert i Bergen. Bjørn Stian var ikkje der, men vi bestemte at han skulle vera med, seier Eirik og ler.

– Dette er framleis ein hobby for oss, men Baronen står klar til å levera lyd til små og mellomstore arrangement.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.