Første prøvetur med «Ole Bull» hadde 30 passasjerar. (Foto: Roald Eliassen)
Første prøvetur med «Ole Bull» hadde 30 passasjerar. (Foto: Roald Eliassen)

Første prøvetur med «Ole Bull»

KODE hadde 30 gratispassasjerar på første av ei rekkje prøveturar.

Kjetil Vasby Bruarøy
12. juli 2020 - 8:58

Tysdag denne veka blei den heilelektriske, nye skyssbåten «Ole Bull» sjøsett på Måløy, onsdag morgon var det ankomst Museet Lysøen.

– Den bruker mindre straum enn venta. Med den farten den skal bruka her i Lysefjorden, kan vi gå over 15 timar utan lading, sa leiar for tryggleik og drift i KODE, Roald Eliassen, etter ankomst.

«Ole Bull» erstattar taretrålaren frå 1952, som har gått mellom Buena og Museet Lysøen sidan 1977.

Førre båt var smikkfull med 33 om bord, nye «Ole Bull» tar 48 pluss mannskap på inntil to - alle under tak. Samtidig kan du gå på dekk rundt heile hytta på katamaranen.

Inviterer innbyggarane på prøveturar i sommar

Museet Lysøen er stengt i sommar, grunna smitteverntiltak mot korona. KODE opnar for at nysgjerrige publikummarar kan få vera med på båttur allereie i sommar.

– Laurdagar og søndagar i juli og august kan folk få vera med, heilt gratis. Då tar vi turen frå Buena til Lysøen éin gong i timen mellom klokka 11 og 14, fortalde Roald i inngangen på helga.

«Ole Bull» etter ankomst onsdag. (Foto: Roald Eliassen)
«Ole Bull» etter ankomst onsdag. (Foto: Roald Eliassen)

– Sjølv om museet er stengt, er øya open. Så kan folk ta seg ein tur på stiane før dei tar båten tilbake.

I testperioden blir kapasiteten redusert til 25 personar.

Køyrde fem turar i går

Laurdag møtte 30 passasjerar til første prøvetur, i alt var det 60 passasjerar fordelt på fem prøveturar.

– Det var veldig stor begeistring! Som ein av passasjerene, Svein Hillesøy, sa; «behagelig og roleg overfart med ein fin båt».

Andre meinte at den er større innvendig enn det ser ut frå utsida.

– Dette var ein god start på prøveturane. Vi held fram med gratisturar dei fleste laurdagane og søndagane framover i juli og august. Vi treng tid til å køyra inn mannskap og båt, seier Eliassen.

Nokre av passasjerane på første prøvetur med «Ole Bull» laurdag 11. juli. (Foto: Roald Eliassen)
Nokre av passasjerane på første prøvetur med «Ole Bull» laurdag 11. juli. (Foto: Roald Eliassen)

«Ole Bull» (2020)
Lengde: 15 meter
Breidde: 7 meter
Bygd av Måløy verft, i tett samarbeid med Easyform, Stadt Towing Tank og Sea Technology.
Design: Atle Ellefsen i DNV GL.
Kapasitet: 48 passasjerar
Pris: 22 millionar kroner

Les meir om

Kultur