Fotball | 16. apr. 2012

Første serietap på 3 år

Lysekloster fekk ein bråstart på tilværet i 4. divisjon. Også Nore Neset tapte i serieopninga, medan Søfteland slo Samnanger.

Første serietap på 3 år
Mattias Høiland kom innpå i pausen og skåra to mål for Lysekloster. (Foto: Lysekloster IL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. apr. 2012 08:48

Lysekloster har rykt opp frå 7. divisjon til 4. divisjon på kortast mogleg tid. Både i 6. divisjon og i 5. divisjon var éin uavgjort verste resultat, førre tap var 2-3 heime for Nore Neset i 7. divisjon i juni 2009.

Laurdag starta serien for Lysekloster, som vanleg i ny divisjon, men etter å ha prestert veldig bra i ei rekkje seriekampar i vinter blei det ein kalddusj for Ørjan Sandal sitt mannskap.

– Vi fekk mål imot etter cirka 4 minutt og vi låg under 3-0 før vi byrja å skåra sjølv, seier Sandal.

Lyngbø - Lysekloster 3-2 (1-0)
Målskårar, Lysekloster: Mattias Høiland 2

– Dette var ein kamp der det ser ut som om spelarane trur det skal gå vegen, men ting viser seg å ikkje vera så lett likevel. Vi spelte rett og slett ikkje godt nok, samtidig viste Lyngbø kor gode dei kan vera på overgangar.

I neste runde, sesongens første heimekamp, ventar truleg også sterk motstand.

– Loddefjord var spådd av mange som ein av favorittane til opprykk. Også dei tapte i serieopninga, så dei er nok like svoltne på poeng som oss, seier Ørjan om kampen førstkomande laurdag.

Oppsett/tabell, 4. divisjon avdeling 2

Betre i 6. divisjon

Medan førstelaget gjekk på ein smell fekk Lysekloster 2 ein god start på 2012-sesongen.

Lysekloster 2 spelte borte mot Libido søndag og vann 5-1.

Dei to andre 6. divisjonslaga i Os har også opna sesongen, Nore Neset med bortetap 3-2 for Morvik, Søfteland med 3-1-siger over Samnanger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.