Lokal | 25. sep. 2015

Første spadetak ved Svegatjørn

E39 Svegatjørn-Rådal: Tysdag blir det markering av byggestart i Os.

Første spadetak ved Svegatjørn
Tysdag skal Søviknes ta første spadetak i Os på E39 Svegatjørn - Rådal, ved Ulvenparken og Svegatjørn. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. sep. 2015 07:14

Torsdag 3. september blei det symbolske første spadetaket på E39 Svegatjørn-Rådal tatt i Rådal, der Implenia no er i sving.

Torsdag 1. oktober skal entreprenørane til Veidekke i gang frå Svegatjørn og tysdag klokka 16 blir det markering av byggestarten i Os kommune.

Markeringa blir ved Ulvenparken, men Statens vegvesen oppmodar publikum om samkøyring, då det er begrensa mengde parkeringsplassar i området.

Søviknes tar spadetaket

Det blir tale ved regionvegsjef Helge Eidsnes og frå Veidekke før ordførar Terje Søviknes tar første spadetak. Det blir òg servert kake, kaffi og brus.

Markeringa er lagt i forkant av siste kommunestyremøte i inneverande valperiode i håp om at flest mogleg vil vera med på å markera denne historiske hendinga.

– Dette må vera ei flott avslutting på det politiske arbeidet i denne valperioden, seier Søviknes i sin invitasjon.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.