Sport | 29. sep. 2020

Første stemne sidan februar: Tok 35 medaljar!

Solid medaljehaust av A-gjengen i Os Svømmeklubb.

Første stemne sidan februar: Tok 35 medaljar!
Dei som hausta mest delte med treningskameratar for foto. Bak f.v.: Janne Holm, Even Haarstad, Sander Englund Smørdsal, Hedda Bastiansen Kvittingen, Tracey Holm, Emma Skarstein Kjetland, Eskil Habbestad Lekven, Emil Austevoll Harlem. Foran Noah Milazzo, Ulrik Johan Lunde, Jakob Austevoll Harlem, Sindre Haarstad og Are Habbestad Lekven. Foto: Os Svømmeklubb
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 29. sep. 2020 08:42

Os Svømmeklubb har som mange andre ikkje hatt eit optimalt sportsår. Det har vore nedstengde svømmehallar og få sjansar å trena og konkurrera.

– Eg må få skryta av svømmarane våre. Dei har vore flinke til å trena i heile denne vanskjelege koronaperioden, seier trenar Thomas Harlem.

Fram til Osbadet opna igjen 1. juni blei det mykje variert trening, frå fjellturar, løping og sykling til styrke- og basistrening, blant anna via Zoom.

– Vi heldigvis starta sesongen med den tradisjonelle oppstartsleiren i Strandebarm, saman med svømmevenr frå Arna, seier Harlem.

Gleda var stor då gjengen i helga endeleg kunne konkurrera igjen! Denne gong var det AdO Cup i Bergen som sto for tur.

10 utøvarar - 35 medaljar!

Spenninga var stor då svømmarane endeleg skulle få delta på stevne igjen.

– Arrangørane i Bergen gjorde ein kjempejobb med å tilrettelegga for konkurranse og samtidig oppretthalda godt smittevern. AdO Cup gjekk over tre dagar, slik at alle fekk prøva seg på forskjellege distansar og stilartar.

– Og for ei helg det vart! Symjarane viste ein enorm innsats, og resultata vart over all forventning.

Samla sett tok dei ti deltakarane frå Os symjeklubb over 35 medaljer, 13 gull, 11 sølv og 11 bronse. Mestvinnande vart Emil Austevoll Harlem (2005), som tok gull i alle sine 8 øvingar.

– Meir gledeleg enn medaljar var alle dei store personlege rekordane!

Alle svømmarane sette personlege rekordar i fleng, og viste flotte tekniske og taktiske eigenskapar.

– Her må vi trekka fram Sindre Haarstad (2006), som sette personleg rekordar med totalt 1 minutt og 20 sekund på sine 7 øvingar. I ein idrett som vanlegvis blir avgjort på tidelar og sekundar, er jo dette ein heilt enorm forbetring, påpeikar Harlem.

– Det er jo dette vi jobbar mot, at utøvarane gjennom målretta trening og læring, skal oppnå gode mestringsopplevelsar. Og heile helga vart prega av dette, og då blir vi veldig stolte av dei flotte ungdommane våre.

Her kan du sjå komplett resultatliste (pdf, medley.no)

Er klare for meir

Etter eit vellykka arrangement er håpet no at det kan arrangerast fleire stevner i løpet av høsten.

– Vi held fram det gode treningsarbeidet i Osbadet, og er veldig takksame for dei flotte treningsforholda vi har.

– Så får vi berre sjå kva som skjer dei neste månadene, men blir det stevner, er vi klare, avsluttar Harlem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.