Duoen KREAM består av brørne Daniel (t.v.) og Markus Slettebakken. (Pressefoto)

Første USA-turné: KREAM spelte i 10 byar på 23 dagar

No skal brørne Slettebakken tilbake for å spela på bassengkanten i Miami.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I mars 2015 fortalte vi om vassjet-brørne Daniel og Markus Slettebakken, som hadde fått internasjonal merksemd for sin nye hobby; remix av musikk som duoen KREAM.

Hausten 2017 gjorde dei endå større suksess med sin eigen musikk, «Taped up heart» passerte 40 millionar avspelingar på Spotify på få månadar.

2018 kan oppsummerast med 60 millionar streams, 20 millionar fans, speling på poolparty på festivalen Palmesus i Kristiansand og ein haust med skriving i London og slepp av «Decisions» (med vokalist Maia Wright) og «Enough». I januar segla dei for andre gong inn på Billboard's Dance/Mix Show Airplay, denne gong på 39. plass med låten «Decisions» (Billboard.com), som no er streama 16,7 millionar gongar.

Varma opp for Lost Kings i 10 byar

KREAM har spelt i USA før, men i januar la dei ut på sin første turné i Amerika, som oppvarming for LA-duoen Lost Kings.

Lost Kings tok kontakt med managementet til KREAM og spurde om dei ville vera med. Å reisa som oppvarmingsband kan kosta eigeninnsats i form av dollar, og det kan vera ei investering som har sin verdi.

– For vår del gjekk vi med overskot, i tillegg har vi fått mange nye fans, og vi har fått møtt fleire av dei etter konsertar, seier Daniel og Markus til Midtsiden.

Det blei 10 byar på 23 dagar, frå San Diego, Los Angeles, San Francisco og Seattle, til Cambridge, New York, Chicago, Montreal, Dallas og Houston.

– Det gjekk mykje betre enn vi hadde venta. Det var fullt hus eller så og seia fullt alle stadar vi spelte, og publikum var heilt med på notane! Det var òg veldig kjekt å få oppleva så mange ulike byar, stadar vi gjerne ikkje ville ha kome på å reisa til på ferie.

– Kva var høgdepunkta?

– Det må ha vore anten Seattle eller Dallas, grunna det ekstremt bra publikummet.

Under ser du video frå Houston, der publikum òg ser ut til å ha vore bra.

(Artikkelen held fram under videoen)

KREAM - Houston 2019 from Midtsiden on Vimeo.

Tilbake til Miami i neste veke

Turneen varte frå 17. januar til 9. februar. Etter nokre veker heime, for å få ferdig ein singel som skal sleppast førstkomande fredag, går turen tulbake til USA.

– Vi skal spela på nokre klubbar og poolparties i Miami.

– Vi har mange original-låtar som skal sleppast i tida som kjem, og vi skal fleire turar til USA, blant anna på nokre festivalar, men vi har foreløpig ikkje lov å avsløra kva festivalar det er.

• Sjå videointervju med KREAM på B-Sides.tv

Fleire saker