Lag-NM Karate 2015 - oppvising

Forsvarte seg mot knivangrep

Under lag-NM i karate fekk vi sjå Trond Blomberg og Cato Bruarøy demonstrera teknikkar. Her kan du sjå heile oppvisinga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os Karateklubb arrangerte NM for første gong då dei laurdag opna dørene til lag-NM 2015 i Oshallen.

I tillegg til å ta tre bronsemedaljar på heimebane fekk Os vist seg som ein stødig arrangør.

Som offisielt NM var konkurransen open for alle stilartar, og arrangørklubben viste publikum og gjestar nokre av sjølvforsvarsteknikkane vertsklubben og andre klubbar i stilarten Wado Ryu øver på.

Hovudinstruktør i WIKF Norge, Cato Bruarøy, hadde saman med instruktør-kollega Trond Blomberg, oppvising under NM.

Dei to byrja å trena saman tidleg på 80-talet, og viste teknikkar som er graderingsprogram for fleire av dei høgare gradane, blant anna knivforsvar, som er manus for 2. dan (svarte belte, andre grad).

Midtsiden kjem tilbake med meir video, bildeserie og komplett resultatliste frå NM.

 

Fleire saker