Sport | 29. mai 2012

«Fort Kuventræ»

VIDEO: Siger i 5 av 5 heimekampar, 20-6 i målskilnad. 3-1 over Haugesund 2 tysdag. -Vi kan byrja å kalla det Fort Kuventræ no, meiner kapteinen.

Andris Hamretirsdag 29. mai 2012 20:28

Os tok imot eit ungt Haugesund 2 lag på Kuventræ tysdag ettermiddag.

- Vi bestemte oss før kampen at vi skulle ta dei på fysikken, fortel Os-kaptein Stian Lunde.

Sjå korleis kapteinen oppsummerer kampen i videoen nedanfor.

Billeg straffe?

Dei fleste av dei om lag 100 tilskoderane var nøgde då Os fekk straffe få sekund før full tid av første omgann. Om det var hands eller ikkje var derimot ikkje alle like sikre på, men kampbilde sett under eitt var det fortent at Os gjekk til pause med 1-0-leiing.

Os-Haugesund2 3-1 (1-0)
Målskårar: Preben Borgen (str, 45 min), Anders Kinden (66 min), Ramo Racic (87 min).

Os-oppskrifta

Den som har vore på Os sine siste fem heimekampar kan ikkje latt vera å leggje merke til at Os har fått eit offensivt spelemønster å følgje etter at TIm-Henrik Sperrevik tok over som trenar. Rundt på kantane og innlegg framfor kassa.

- Ja, vi har terpa mykje på det. Vi skal kome rundt på kantane og fylle på i boksen, stadfestar Lunde.

I tysdagens kamp såg vi det igjen. Fleire gode målsjansar kom den vegen. Vakrast var då Christer Olsen fossa rundt på høgre sida og satte ballen perfekt på hovudet til Anders Kinden ved 2-0 skåringa.

To annullerte

Os hadde mykje av spelt og dei største sjansane, men Haugesund 2 var ikkje heilt ufarlege framfor Anders Kloven i Osmålet dei heller.

To ganger fekk dei ballen bak Kloven, men dommaren annullerte måla. Det første for offside, det andre for noko som kunne minna om angrep på keeper.

Etter sigeren over Haugesund 2 tok igjen Os over plassen øvst på tabellen framfor nettopp dagens motstandar.

Sjå tabellen

Os sitt lag: Anders Kloven, Tore Valvik, Torkel Hjertnes, Vegard Engelsen Moberg (Tor Erik Berge frå 83 min), Per Merai, Stian Lunde, Preben Borgen, Erik Kanestrøm, Anders Kinden (Ramo Racic frå 77 min), Simen Lassen, Christer Olsen.

Sjå måla og korleis Os-kaptein Stian Lunde oppsummerar kampen i videoen nedanfor (3.08 min, Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.