Lokal | 11. mars 2012

Førte aldri rekneskap

Blei dømd til 45 dagar ubetinga fengsel og mista retten til å drive firma i 5 år.

Førte aldri rekneskap
Andris Hamresundag 11. mars 2012 10:21

Ein osing i sluten av femtiåra måtte i februar møte i Nordhordland Tingrett tiltalt for brot på bokføringslova § 15 for som bokføringspliktig å ha unnlatt å bokføra alle opplysningar som var naudsynte for å kunne utarbeide spesifikasjoner av pliktig rekneskapsrapportering.

Då mannen møtte i retten tilsto han at han ikkje hadde ført rekneskap for enkeltmannsforetaket han dreiv frå våren 2008 til sommaren 2011 då han blei slått personleg konkurs. Mannen er òg tidlegare straffa i Gulating lagmannsrett vinteren 2010 for meirverdiavgiftbedrageri, rekneskapsovertreding og brot på likningslova. Då med ei straff på 5 månaders fengsel, korav 120 dagar blei utsatt med ei prøvetid på to år.

Mannen forklarte i retten at det var sjukdom og personlege tilhøve som gjorde at han ikkje hadde ført rekneskap medan han dreiv enkeltmannsforetaket. Retten meinte dette ikkje kunne vektleggast då mannen i same periode var i stand til å driva selskapet.

I straffeskjerpande retning meinte rettet at det at han overhode ikkje hadde ført rekneskap og at han tidlegare var dømd for tilsvarande tilhøve skulle telje. I formidlande retning talde det at han hadde tilstått tilhøva, noko som gjorde både etterforskinga og handsaminga i retten enklare.

Retten var einig med aktoratet om at mannen skulle dømmast til 45 dagar fengsel og mista retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd i fem år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.