Lokal | 05. des. 2019

Fortel om mistenkeleg aktivitet i tre nabolag

Lusking om natta, tjuveri frå bod og festing av kile i inngangsdøra.

Fortel om mistenkeleg aktivitet i tre nabolag
Politiet har registrert dialogen på Facebook, og reknar med at nokre av dei som skriv tar kontakt i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. des. 2019 08:56

Dei to siste morgonane har minst fire personar i tre ulike nabolag oppdaga noko dei opplever som mistenkeleg aktivitet.

Det starta med eit innlegg på «Oppslagstavlo i Os» på Facebook, der ei kvinne fortel om observasjon av ein mann som gjekk og sneik i bodane i Borgavegen/Hjellevegen natt til onsdag.

– Dette er ein som er på jakt etter noko, skriv kvinna.

Midtsiden har snakka med kvinna, som la ut åtvaringa etter at ein nabo hadde fanga dette på overvakingskamera. Der skal det gå tydeleg fram at vedkomande var i boden hans, at han ikkje hadde noko med seg då han kom, men bar på noko då han gjekk frå staden.

Ein mann som bur i Presgardsskogen fortel om tjuveri frå ein bod, ein mann som bur på Austre Lurane fortel at nokon har festa ein liten kile av tre i inngangsdøra hans, som for å sjekka om døra er i bruk, altså om folk er heime eller på ferie.

– Eg har registrert denne dialogen, men vi har foreløpig ikkje fått inn noko melding om verken dette eller nokre innbrot eller tjuveri, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

– Men eg reknar med at nokon av desse vil kontakta oss i dag, som dei skriv sjølv.

To andre kvinner fortel òg om lusking i nabolaget på natta.

Ho eine seier dottera vakna av uvêret i 5-tida og oppdaga ein mann som såg på ho gjennom vindauget. Den andre fortel at ho var på terrassen og tok seg ein røyk i 6-tida, og at det då var ein mann som gjekk og luska. Vedkomande hadde gått og sett seg i ein bil, der han sat tre minutt, før han køyrde roleg frå staden.

Ein av dei mange som har kommentert innlegga, meiner det kan vera bod frå «Helt hjem» ei av kvinnene har observert. Dei plar visst levera varer før klokka 07. Felles for dei som haropplevde mistenkeleg aktivitet er at dei åtvarar andre, og oppmodar dei om å låsa bod og garasje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.