Lokal | 18. des. 2018

– Fotgjengar spraya ansiktet på bilist

Kvinne til legevakt etter at mann hevdar han blei påkøyrd i fotgjengarfelt.

– Fotgjengar spraya ansiktet på bilist
Mannen blei avhøyrd og ransaka før politiet tok han med seg. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. des. 2018 16:42

Tysdag i 16.30-tida rykte politiet ut til Landboden i Os sentrum etter ein valdsepisode mellom ein bilist og ein mjuk trafikant.

– Bilisten, ei kvinne i slutten av 30-åra, har blitt spraya i ansiktet av noko vi trur er peparspray, seier politioverbetjent Christine Grindstein til Midtsiden.

Os brannvesen blei tilkalla for å dykka i Oselvo etter ein gjenstand som skal ha blitt kasta på elva.

Kvinna er køyrd til legevakt for sjekk. Mistenkte, ein mann i 20-åra, blei avhøyrd på staden før han blei påsett handjern og saman med hunden sin tatt med i ein politibil.

Vedkomande blei køyrd vidare i arresten.

– Hevdar han blei påkøyrd i gangfelt

Politiet seier det førebels er noko uklart kva som har skjedd i forkant av at kvinna blei spraya i ansiktet.

– Partane har ulik forklaring. Mannen hevdar han blei påkøyrd i gangfeltet i Os sentrum.

– Han skal så ha sykla etter bilen og konfrontert bilførar med episoden.

Retta/oppdatert: Ifølgje eit vitne Midtsiden har snakka med, skjedde episoden i fotgjengarfeltet frå Lundehjørnet/Coop Prix over til Nordisk Rom.

– Kvinna som køyrde bilen var varsam og køyrde roleg. Syklisten kom i høg fart, vinglete og med hund i band. Han kom på skrå, bakfrå, og sykla rett ut i fotgjengarfeltet. Bilisten bråbremsa så snart han kom framfor bilen.

– Syklisten følgde etter, og avskar bilen allereie ved apoteket. Det blei ein diskusjon gjennom bilvindauget, og han såg hissig og rusa ut, fortel vitnet.

Vitnet har i dag takka ja til også å snakka med politiet.

Liknar episode frå 2016

I oktober 2016 var det ein noko tilsvarande episode i fotgjengarfeltet ved Os Taxi.

Ein mann ringte Midtsiden-redaksjonen og fortalte at han var påkøyrd i fotgjengarfeltet. Dette var andre gong han hadde meldt om tilsvarande.

Seinare fekk vi høyra bilisten sin versjon.

Fire dagar seinare vakna han nemleg til nymalt bil og flate dekk i det han rekna med var ein hemnaksjon.

Politiet vil førebels ikkje kommentera om same fotgjengar er involvert i dagens episode.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.