Frå 2,7 til 16 millionar

Det er fem hytter til sals i Os. Her er alle saman - og nokre ferske salsresultat.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. juli 2011 13:25

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Spennande skjergard, godt servicetilbod og passeleg avstand frå Bergen, Os har lange tradisjonar som hyttekommune og sommarferiestad for bergensarar.

– Bergensarane kjem seg raskare til Os no enn før, og raskare kjem det til å gå når ny E39 er ferdig, likevel - Os kjem framleis til å vera «på landet», og Os kjem til å halda fram med å vera den mest ettertrakta bygda i Hordaland når det gjeld sommarhytter, trur eigedomsmeklar Daniel Røksund frå Eiendomsmegler Vest.

Meklar-elev med draumedebut

I førre veke blei ei hyttetomt på Nordstrøno selt for 2,5 millionar kroner. På tomta står ei 33 kvadratmeter stor hytte. Eigedomen blei selt to dagar etter første vising.

– Eg held på å utdanna meg til å bli eigedomsmeklar og stilte opp for å hjelpa ein kamerat med dette salet, fortel Jan-Richard Stensvik.

Samstundes fekk Stensvik ein liten porsjon relatert erfaring.

– Visninga var onsdag, fredag var eigedomen selt. Fem mål med 40 meter strandlinje fekk to av dei åtte interessentane til å by over kvarandre eit stykke, frå første bod på 1,6 millionar til det stoppa på 2,5. Seljar hadde prisantydning på 2 millionar kroner og blei nøgd med handelen. Det trur eg også kjøpar blei, dei har i alle fall sikra seg ein flott eigedom i solrike Nordstrøno.

Stensvik er både takksam for oppdraget og nøgd med erfaringa. Ifølgje han sjølv var seljar så nøgd at Stensvik også får oppdrag med å selja både endå ein eigedom i Nordstrøno og eit husvære i Bergen.

Fleire ferske sal

Tre av fritidsbustadane som no er for sal ligg på Drange, alle på eller ved Balandsneset (ytst på Drange, nær Skåtøy).

– Dette er blant dei beste hytteadressene i Os. Nyleg selte eg ein eigedom i området, der bygningen skulle rivast, for 2.750.000 kroner, fortel Røksund.

Også Stein Herland, som i fjor selte ei hytte på Forstrøno som hadde prisantydning på 6,8 millionar kroner, fortel om bra interesse og fleire raske sal.

– Eg selte nyleg ei flott hytte i Hauglandssundet. Hytta hadde prisantydning på 5,5 millionar kroner og blei selt med det same den blei annonsert.

Herland har no for sal ei hytte der han sjølv har fritidseigedom, i Lepsøy Skjærgårspark.

– Dette er nyare hytter med båtplass og badehytte i flott fellesanlegg, berre eit steinkast frå Vedholmen, seier han om den rundt 130 kvadratmeter store hytta han no skal selja.

Fem fine - med og utan bilveg

I skrivande stund er det berre fem hytter i Os for sal på Finn.no. Desse ligg alle attraktivt til, svært nær sjø, med naust og/eller båtplass, i område med fleire andre fine hytter. Prisane varierer frå 2,7 til 16 millionar kroner.

Den rimelegaste er kanskje den som ligg finast til, ei nybygd, ubrukt hytte som ligg solrikt og usjenert til i den nybygde lagunen Rolf Henning Koldal har gravd ut på Ytterøy.

– Koldal har skapt ei perle med denne lagunen, heilt ute mot Bjørnefjorden, men så skjerma, med god kaiplass, sandstrand og kort veg til både Vedholmen og Os, seier meklar Tor Nagelgaard hos Privatmegleren på Os.

Han er overraska over at ikkje det har vore større rift om hytta han skal selja, ei nybygd, ubrukt hytte, blant dei første i det nye feltet.

– Vi har hatt interessentar, men nokre av dei har sakna bilveg heilt fram. Vi kan skaffa kjøparane båtplass i Øyane/Vedholmen, som ligg fem minutt unna, noko eg meiner bør vera ideelt for dei som vil ha den idyllen det er å ha hytte på ei øy.

FOR SAL I OS - HER ER ALLE FEM:

Oppdatert liste: Finn.no - fritidseigedomar for sal i Os
(sjå også bildeserie over)

Ytterøy
Byggeår: 2010
Bruksareal: 81 kvm
Soverom: 2 + stor hems
Prisantydning: 2.690.000 kroner
Les meir om eigedomen på FINN.no

Balandsneset
Med anneks og naust
Byggeår: 1998
Bruksareal: 74 kvm
Prisantydning: 3.490.000 kroner
Les meir om eigedomen på FINN.no

Balandsneset (2)
Med naust
Bruksareal: 78 kvm
Soverom: 3
Prisantydning: 3.690.000 kroner
Les meir om eigedomen på FINN.no

Lepsøy
Byggeår: 2006
Bruksareal: 134 kvm
Soverom: 2
Prisantydning: 3.950.000 kroner
Les meir om eigedomen på FINN.no

Ytre Drange
To store hytter/hus
Byggeår: 1955
Bruksareal: 500 kvm
Soverom: 10
Prisantydning: 16 millionar kroner
Les meir om eigedomen på Finn.no


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.