Kultur | 09. juni 2012

Frå 5 til 2x500

Jan Eggum og Halvdan Sivertsen tok to fullsette hus med storm i Oseana laurdag.

Frå 5 til 2x500
Jan Eggum og Halvdan Sivertsen leverte til fulle i Oseana laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 09. juni 2012 23:49

Dei to konsertane med duoen Jan Eggum og Halvdan Sivertsen har vore utseld i lang tid. Hadde dei villa kunne dei sikkert seld minst eit par framsyningar til.

Slik var det ikkje sist Sivertsen besøkte Os.

- Det var på Madam Ane. Då kom det fem og tre av dei maste om Bjøro Håland, fortalde Sivertsen.

Det er feil å kalla laurdagens to framsyninger for konsertar. Dei var så mykje meir. Rettare er det nok å kalla det for show.

Dei to etterkvart litt eldre herrane hadde glimt i augo og solide sleivspark både til kroppsfikserte kvinnfolk og Frp-arar med valet mellom himmel og helvete. Beundringsverdig var det å sjå korleis, spesielt Sivertsen, henta seg inn igjen då han var i ferd med å trø over streken.

Uoppfordra allsang

Dei to framsyningane var, ifølgje dei som såg begge, veldig forskjellige.

- Settlista var lik, men likevel var dei heilt forskjellege, fortel Janne Mari Hjelle.

På laurdagens siste konsert var i alle fall stemninga høg heile vegen. Toppa blei det heile då Eggum og Sivertsen kom inn igjen på scenen for ekstranumra "Kor e alle heltar hen" og "Kjærlighetsvisa". Då song Oseanasalen uoppfordra med på både på refereng og vers.

Kort oppsummert: Herrane Eggum og Sivertsen er hjarteleg velkomne tilbake. Om dei kjem åleine eller tar med seg dei to andre i Gitarkameratene som dei til hausten går på scenen saman med i Oslo speler inga rolle.

Vi tar sjansen på å lova deg at det kjem fleire enn fem også neste gong, Halvdan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.