Kultur | 19. aug. 2015

Frå AMFI til Oseana

53 søkte på kulturhus-jobben. Avtroppande senterleiar Anne Kristine Tøsdal byrjar hos Oseana 1. september.

Frå AMFI til Oseana
Anne Kristine Tøsdal. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. aug. 2015 09:01

Tidleg i august lyste AMFI-kjeden ut stillinga som senterleiar på AMFI Os, Tøsdal vil gje seg etter 10 år på senteret.

I dag fortel Oseana KF at Anne Kristine er nytilsett ved kulturhuset som servicemedarbeidar.

- Blant alle dei kvalifiserte søkjarane som søkte på stillinga skilde Anne Kristine seg ut med å ha ei utdanning og ei erfaring som passa svært godt til stillinga ho no skal inn i, seier direktør Ole Tobias Lindeberg.

Anne Kristine har bakgrunn frå både reiseliv, hotell og turisme, før ho byrja som sentersekretær og seinare blei leiar for det lokale kjøpesenteret.

Det var 53 søkjarar til jobben. Tøsdal startar i stillinga 1. september

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.