Frå Askøy til Er-An på kino

– Det er klart vi må få det med oss når det blir arrangert drive-in!

Maria Teksle og søskenparet Benjamin og Julie Samuelsen reiste frå Askøy til Os for å sjå drive-in-kino på Røykenes. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. okt. 2015 22:35

Bildeserie:

Tysdag og onsdag var det neste fullt, torsdag var det litt færre gjestar. (Foto: KVB)
Nils, William, Dag og Terje utgjorde teknisk avdeling. (Foto: KVB)
Nokre kjøpte billett på førehand, andre droppa innom før filmstart. (Foto: KVB)
Så var det berre til å gjera seg klar. (Foto: KVB)
Frøydis og Viljar var ikkje på drive-in då dei budde i USA, men no var det på tide. (Foto: KVB)
I løpet av filmen kunne du kjøpa påfyll av popcorn hos Jeanette og Erla. (Foto: KVB)
Tysdag og onsdag var det neste fullt, torsdag var det litt færre gjestar. (Foto: KVB)
Nils, William, Dag og Terje utgjorde teknisk avdeling. (Foto: KVB)
1 av 6

Torsdag er siste kinokveld på Er-An Veikro sitt drive-in-program.

– Det har vore nokre supre kveldar, med nesten full parkeringsplass dei to første, sa krovertinne Linda Andersen før den siste filmkvelden var i gang.

Ho hadde plass til rundt 25 bilar per film.

Les òg: Vil du sjå kino frå bilen?

Tysdag var det gratisframsyning av klassikaren The Last American Hero, onsdag sto barnefilmen Shrek og den norske ungdomsfilmen Børning på programmet. Siste kveld var det ny runde med Shrek og i skrivande stund rullar Fast & Furios over lerretet på Røykenes.

Frå USA og Askøy

Blant gjestane torsdag var Maria Teksle og søskenparet Julie og Benjamin Samuelsen.

– Vi var her og åt for tre veker sidan, og då vi fekk høyra om den komande kinoen bestemte vi oss for å koma tilbake, seier dei tre.

To andre kinogjestar var Frøydis Hatvik og sonen Viljar.

Dei kom i sommar heim til Os etter å ha budd nesten tre år utanfor Houston i Texas.

– Dei har framleis drive-in i USA, og kino i parken der du tar med campingstol sjølv, men det blei travle kvardagar med skule og trening i Houston òg, så dette er faktisk vår første drive-in, fortel Frøydis.

Med god lyd og servering i bilane

Via FM-frekvens 100,9 kom det lyd i kvar bil. Dei som ikkje hadde radio om bord fekk låna radio av vertskapen.

Langs E39 hang det gardiner, både for å ikkje uroa trafikken og for å skjerma kinogjengarane for lys.

Midt i filmen kom servitørar for å selja popcorn på døra.

– Vi har aldri vore på drive-in før, det er klart vi må få dette med oss når nokon gidd å arrangera. Shrek har vi sett før, men den kan vi sjå mange gongar, dette er ei sjeldan oppleving seier askøyværingane Maria og Julie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.