Henrik Tiger Sandtorv har vore frivillig medarbeidar og deltidstilsett under studiene. No er både bachelorgrad og fulltidsjobb i boks. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Frå bachelorgrad i fotball til fulltidsjobb i Lysekloster

Henrik Tiger Sandtorv (24) mottok graden sin i England i førre veke.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Du har nok sett han ringside på Lysekloster Framo Idrettspark, den tidlegare Nore Neset-keeperen med videokamera, jobbande som del av trenarapparatet til Lysekloster.

– Studieåra i England var intense, frå slutten av september til starten på mai, og har fint lete seg kombinera med mi rolle i heimbygda. Det har dessutan oppstått eit samspel mellom Lysekloster og univeristetet som begge partar, og fleire studentar enn meg, har hatt glede og nytte av, seier Henrik.

Ruben Hetlevik ville ha med seg nokon som kunne filma. Av Kenneth Hufthammer i samarbeidsklubben Nore Neset blei han tipsa om fotballstudenten Henrik.

I førre veke fekk han diplomen sin i Southampton. Allereie frå 1. juli har han vore i fast fulltidsstilling i Lysekloster il. No får han òg fleire rollar.

Oppdaga på utdanningsmesse

Henrik sin familie flytta frå Milde i Fana til Øyane i Os i starten på barneskulealder, tok sølv i Lerum Cup i Sogndal som keeper med Nore Neset G14 og debuterte på seniorlaget som 15-åring.

– Eg blei ikkje god nok til å spela på høgare nivå, men liker framleis å stå i mål, og vaktar av og til buret på Nore Neset/Lysekloster 2.

Trenarinteressa fekk han som toppidrettsstudent på Framnes vgs, i faget treningsledelse. 

– Eg har visst sidan ungdomsskulen at eg ville jobba innan idrett, og hadde seinare sportsjournalistikk som fag på folkehøgskule. Eg tok verv som trenar for Nore Neset sin 2002-årgang, og var med og trente nokre keeperar.

Då eg gjekk på vidaregåande skule deltok eg på ei utdanningsmesse der eg fekk informasjon om eit spennande fotballstudie i Liverpool. Eg byrja å søkja etter ulike studie i England og fann eit passande ved Solent University i Southampton.

– Uvurderleg praksis

Dei tre studieåra har bestått av fag som coaching og idrettspsykologi, fysisk trening, sosiologi og strategi. Evaluering av trenarkurs, frå planlegging og marknadsføring til gjennomføring, har vore blant prosjektoppgåvene.

I bacheloroppgåva skreiv han om korleis trenarar motiverer ungdomsspelarar. 

– Det er sjølvsagt både slumpetreff i fotball og personlege eigenskapar og karisma som speler inn i trenarrollene i alle idrettar. Men det er òg målbare, objektive faktorar, metodar og system som er kopierbare, og som effektivt kan nyttast av dei som sit med kunnskapen. 

– Å få ta del i trenarapparatet til Lysekloster, med filming og kampanalyse, har vore uvurderleg praksis, både når eg har vore heime sommarhalvåret, og over nett mens eg har vore i England.

Det siste året har han gått frå å vera frivillig til deltidsstilling. No blir det full jobb.

Hovudtrenar Ruben Hetlevik fortel om ein engasjert, grundig og kunnskapsrik analytiker.

– Henrik leverte frå dag éin, same kva eg bestilte. Eg har bedd om filmopptak av alt frå korleis vi gjer det i etablert forsvar, til fokus på korleis éin eller fleire enkeltspelarar taklar ulike situasjonar i kamp. 

– Sjølv om vi ikkje gløymer basicen, har bruk av video i trening og kamp, av både motstandar og oss sjølv, gjeve oss detaljerte og gode bilde på kva vi skal fokusera på i trening, kva tropp vi tar ut og korleis vi skal spela i kamp. Henrik får no utvida oppgåvene yttarlegare, og får hovudansvar for arbeidet vårt med dødballsituasjonar, seier Ruben.

Vil løfta ungdomen

Ved sidan av utvida oppgåver i trenarteamet overtar Henrik rolla som leiar for fotballfritidsorninga etter Jakob Nielsen. Nielsen har flytta heim for å jobba i ein dansk klubb.

– Henrik blir òg engasjert i akademiet vårt, fortel sportsleg leiar Svein Kollen.

– Korleis ser du på trappetrinna i stegen til Nore Neset og Lysekloster. Manglar det nokre trinn mellom Nore Neset/Lysekloster 2 og A-laget til Lysekloster?

– Vi har ein god utviklingsarena, eit godt samarbeid med Nore Neset og eit profesjonelt apparat. Men vi skulle helst hatt fleire ungdomar på andrelaget, og fått andrelaget opp ein divisjon eller to. Dette er for fokus i tida som kjem, seier Kollen.

Ruben Hetlevik fekk i vinter UEFA-A-lisens og keepertrenar Danilo Suarez er nesten i mål med same lisens. Henrik vil supplera bachelorgraden sin og har kome inn på UEFA B-kurs, som han startar på i haust.

Fleire saker