midtsiden

Frå Baune til Os

Baune-kapteinen Tom Skråmestø blir Os-spelar i 2010.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I slutten av november var vinterens første nye spelar for Os på plass, Endre Brenne frå Strandebarm spelte for  Lillehammer før han gjekk til Os. No har osingane fått nok ein ny lagkamerat.

- Tom var kaptein på Baune i år, og alle åra eg trente Baune, fortel Frank Hellevik.

Hellevik fekk Baune opp frå 6. til 3. divisjon på seks år. Starten hans i Os var heller ikkje så verst, dobbelt opprykk første sesong.

- Frank er godt likt. Vi har fulgt med han og Os, og var åtte Baune-spelarar på Kuventræ for å sjå opprykkskampen mot Austevoll, seier Skråmestø.

Defensiv midtbanespelar
Hellevik fortel at Tom Skråmestø er midtbanespelarm med særleg styrke på defensivt arbeid, og at han også kan brukast som midtstoppar.

- Han er utruleg flink til å posisjonera seg og har stor løpskapasitet. Han er ein lojal spelar, ein som gjer gass og ein type som lagkameratane merkar kjempar hardt om plass på laget, seier Os-trenaren.

Den avtroppande Baune-kapteinen har spelt for Os éin gong, då han i sommar var blant Baune-spelarane som blei lånt til ein treningskamp mot Austevoll (som Os vann 3-2).

- Tom spelte på sentral midtbane med Frode Buvik og gjorde god figur, meiner Frank.

Opp eit nivå
Skråmestø har vakse opp i Baune. Årsaka til at han etter 11 år i same klubb vel å gå til Os er at han vil prøva seg på eit høgare nivå.

- Eg har trent med Askøy ein periode, då dei var i 2. divisjon, men ikkje spelt seriekampar for andre enn Baune.

- Treningskampen for Os i sommar var kjekk, eg merka forskjellen på nivået og ser fram til å bli betre kjent med dei nye lagkameratane mine.

Tom er fødd i 1982, gifta seg i sommar, bur på Landås og jobbar som elektrikar hos Bravida.

- Eg kjenner ikkje andre Os-spelarar enn Espen Kolås, som kom til Baune frå Os for nokre år sidan. Men eg kjenner Ulvestad, som gjekk frå Fana til Åsane. Eg håpar eg får spelt mot han neste år.

- Men spelar eg for Os 2 når dei møter Baune blir det spesielt, seier Tom Skråmestø.

Fleire saker