Sport | 31. juli 2018

Frå den vakraste til den tøffaste triathlonen

Trond Blomberg debuterte i 2010 i Os Triathlon. Laurdag er det langt tøffare Norseman Xtreme Triathlon som ventar.

Frå den vakraste til den tøffaste triathlonen
Trond Blomberg har lagt bak seg 500 treningstimar i år når han stiller på Norseman til helga (privat foto)
Andris Hamretirsdag 31. juli 2018 18:04

Bildeserie:

Ein litt skeptisk Blomberg før debuten på Os Triathlon i 2010 (foto: Andris Hamre)
Ein litt skeptisk Blomberg før debuten på Os Triathlon i 2010 (foto: Andris Hamre)
Svømmedebuten gjekk i Ulvenvatnet (foto: Andris Hamre)
Svømmedebuten gjekk i Ulvenvatnet (foto: Andris Hamre)
Det gjekk på ein litt annan type sykkel den gang då.... (foto: Andris Hamre)
Det gjekk på ein litt annan type sykkel den gang då.... (foto: Andris Hamre)
Blomberg fullførte debuten i fin stil. Det blir spennande om den er like fin når han går i mål laurdag (foto: Andris Hamre)
Blomberg fullførte debuten i fin stil. Det blir spennande om den er like fin når han går i mål laurdag (foto: Andris Hamre)
I 2010 stilte han på start saman med Kristian Blummenfelt som no er ein av dei beste i verda (foto: Andris Hamre)
I 2010 stilte han på start saman med Kristian Blummenfelt som no er ein av dei beste i verda (foto: Andris Hamre)
1 av 5

Han har alltid vore fasinert av uthaldenheitsidrettar og starta å trena for å sjå kva kva han kunne få til.

– Eg er ikkje god nok i korkje svømming, sykling eller løping, men ved å vera midt på treet i alle tre greinene, så kan ein klara seg ganske bra i ein triathlon. Men det er viktig å understreka at eg berre er ein hobbymosjonist, seier Trond Blomberg.

Sjølv om han kallar seg mosjonist, så er han nok betre trent enn mange av dei andre som fell inn i den kategorien.

– Ja, du har vel rett i det. Eg er kanskje i det øvre skiktet av hobbymosjonistar, ler han når Midtsiden utfordrar han.

Debuterte med Blummenfelt

Første triathlonen Blomberg stilte på var heime under Os Triathlon med utgangspunkt i Sigurdsvikjo i 2010. Triathlonen er ein sprint og blir kalla Vestlandets vakraste. Den gangen var distansa 750 meter svømming, 20 km sykling og 5 km løping.

– Ja, det var vel då det byrja. Eg hadde lyst til å sjå kva eg var god for, fortel han om starten på det no åtte år lange eventyret.

– Det var jo litt av ein stad å debutera. Eg ser på bileta frå løpet at ein av dei andre deltakarande den gangen var den no ikkje heilt ukjente triatleten Kristian Blummenfelt.

– Seier du det. Det var gøy, men det han driv med er ein heilt anna ballgame enn det eg driv med.

Blummenfelt var den gang junior og vann klassa si. Han tok andre plassen samanlagt bak fusingen Gudmund Snilstveit.

Motivert av framgang

Etter debuten i 2010 har det blitt fleire løp på den spreke osingen, før han no skal delta i eit av dei tøffaste triathlon-løpa.

– Tidene min har siden starten i 2010 heldigvis gått jamnt og trutt nedover. Det er det som er gøy og det som har vore motiverande desse åra.

– Har du deltatt i mange fulle triathloner?

– Eg har berre gjort ein full triathlon ein gang før. Det var i 2015 då eg deltok i Amsterdam. Eg valde den fordi det var ei flat løype, så no går eg motsatt veg til ein av dei med vesentleg meir bakkar.

Har testa delar av løypa

Den personlege rekorden frå 2015 er på 11.53. Den tida trur Blomberg skal bli særs vanskeleg å klara frå Eidfjord til Gaustadtoppen.

– Eg håper eg skal klare svømminga på omlag 1 time og 20 minutt (3,8 km, journ.mrk), syklinga på mellom 7 og 8 timar (180 km frå Eidfjord til Austebygde, journ.mrk) og mellom fire og ein halv og fem og ein halv time på løpinga (42,2 km til Gaustatoppen).

– Det er syklinga eg har trent mest på i vår og sommar, fordi det er der eg er svakast. Eg trur ikkje det blir ein bakke som eventuelt knekk meg, men summen av alle motbakkane. Du har ein drøy bakke opp Måbudalen til Dyranut, så ein ny til Kikut og til slutt opp til Imingfjell. Den siste trur eg blir drøy så langt ut i løpet.

– Men du har fått testa dei?

– Ja, eg hadde meg ein tur for eit par veker siden saman med vener. Det gjekk eigentleg veldig greit, men det er veldig langt, konstanterer Blomberg.

Målet er å vera blant dei 160 av dei 350 deltakarane som får løpa opp på Gaustadtoppen. Dei siste må løpa til Gaustablikk. For å klara det har Blomberg lagt ned 500 treningstimar dei siste åtte og ein halv månadane.

Får god support

Laurdag får Blomberg med seg Cecilie og Frank Baggen og sonen Kristian som støtteapparat og support.

– Det er mykje logistikk som skal på plass. I andre løp stiller arrangøren med mat og drikke, men her må vi ha det med i følgjebilen saman med litt ekstra klær og slikt.

– Eg er utruleg glad for å ha fått dei med meg. Det var faktisk i fjor at Frank, som eg trenar karate saman med, meldte seg. Han var og tok bilder av meg då eg deltok i Os Triathlon og kommenterte at om eg fekk plass i Norseman, så var han og Cecilie klare til å følgja meg. Det er veldig godt å ha så positive folk med seg på turen, avsluttar Trond Blomberg, som skal nytta dei siste dagane til å ligga på sofaen og lade batteria før kraftanstrengelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.