Lokal | 14. feb. 2011

Frå Eday til Øyane

Fann flaskepost: Brev, bilde og brosjyre over Orknøyane blei i går funnen i Skitnevågen.

Frå Eday til Øyane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. feb. 2011 11:19

I går var Iselin Røttingen Møller på søndagstur med familien. Då ho gjekk over Pilabrua, på veg til Kobbavågen, såg ho ei flaske som såg spennande ut.

- Eg såg at det var noko inni, så vi sprang ned til sjøen og plukka opp flaska. Brevet låg i ein pose oppi flaska, og det tok litt tid å få alt utav, fortel Iselin.

I posen låg eit brev med bilde av elevane saman med flaska som er sendt.

Avsendarane er dei åtte elevane ved Eday Primary School på Orknøyane.

Frå kobbeøy til Kobbavågen
Eday er den niande største øya i øygruppa Orknøyane. Orknøyane blei erobra av Noreg i 875 og busett av nordmenn.

I 1472 blei øygruppa del av kongedømet Skottland, i dag er Orknøyane den av 32 skotske regionar med færrast innbyggarar (cirka 19.000).

«Orc» skal bety gris, men dei norske vikingane tolka namnet som orkn, som betyr kobbe.

At flaska, som blei sendt frå ei kobbeøy nord for Skottland, stranda i nabovågen til Kobbavågen i Os, er eit litt morosamt samantreff.

Skal senda brev tilbake
I brevet ber dei den som finn flaska om å skriva noko tilbake til dei.

- I går fann vi nettsida til skulen, og mamma (Monica Røttingen Møller, red anm) har sendt ein epost til skulen og fortalt at flaska er funnen. Men vi har også tenkt å skriva nokre ord om Øyane og Os og senda brev tilbake, seier Iselin.

Flaskeposten fortel ikkje noko om datoen flaska blei kasta i sjøen.

Brevet som går i retur skal sendast med vanleg post.

Eksterne lenkjer:
Om Orknøyane på Wikipedia
Turistinformasjon om Eday
Eday Primary School sine heimesider

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.