Sport | 14. aug. 2019

Frå Haugesund til Os

Brenne har signert to nye spelarar.

Frå Haugesund til Os
Espen Haraldseid (t.v.) og Andreas Støle-Hansen på trening med Os i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. aug. 2019 18:43

A-stallen til Os er utvida med to spelarar, Espen Haraldseid og Andreas Støle-Hansen.

Begge er 19 år gamle og kjem frå FK Haugesund.

Dei har spelt på Haugesund FKH 2, som i skrivande stund ligg på 3. plass i 4. divisjon, dei siste år.

– Vi har hatt dei på prøvespel i sommar, og dei gjorde godt inntrykk både sportsleg og som personar, seier Os-trenar Endre Brenne.

Midtbane og back

Espen er høgre back og Andreas, som er venstrefot, blei for eit par år sidan omskulert frå midtbane til venstre back.

Dei flyttar til Bergen for å studera økonomi og idrett, og har prøvespelt for fleire klubbar før dei landa på Kuventræ.

– Vi føler vi blei godt tatt imot og har eit godt inntrykk av miljøet i klubben, og av det sportslege opplegget, seier dei to.

Andreas vaks opp i Djerv 1919, Espen i SK Vats 94, før dei som 15-åringar signerte for FK Haugesund.

Dei har foreløpig kontrakt ut sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.