Frå hjarteflimmer til 100 fjellturar
Midtsiden TV: I haust var Finn-Erik Moberg (66) innlagt med hjarteflimmer, i dag gjekk han fjelltur nummer 100 på 4 månadar.

Bildeserie:
(Over: Sjå video frå Finn-Erik sin tur nummer 100, søndag 21. juni 2015. Foto/klipp: Kjetil Vasby Bruarøy)
– «Er det sånn det skal vera å nærma seg pensjonsalder», tenkte eg. Men så oppdaga dei at eg hadde hjarteflimmer, og at eg truleg har hatt det ei stund, fortel Finn-Erik Moberg.
«Omstart» på hjartet var ikkje til hjelp, så då blei det eit inngrep der nervene som uroa venstre hjarteklaff blei svidd av.
– I mars var eg på seksmånadars-kontroll, og beskjeden var som på dei andre undersøkingane, eg var heilt fin igjen. Nokre veker før hadde eg så vidt byrja å gå nokre fjellturar, og så blei eg invitert med i ei facebookgruppe som førte til auka aktivitet, fortel den spreke 66-åringen.
– Ville ikkje plaga heile verda med fjellturane mine
«100 turer te fjells i 2015 (utfording)», heiter gruppa, og blei starta av Morten Bjørke Thuen tidlegare i år.
– Eg har plan om å gå hundre turar sjølv, og for å halda orden på talet ville eg bruka facebook. Men samtidig ville eg ikkje plaga heile verda med kvar einaste tur eg tok, så då tenkte eg det var greit å laga ei gruppe, fortel Thuen.
Morten er ein kamerat av ein av sonane til Finn-Erik, og inviterte han med. Andre inviterte fekk med sprekingar frå eigen venegjeng, og gruppa tel no rundt 60 medlemmar.
– Det har ikkje vore nokre reglar for kva som har vore ein fjelltur. Katlaberget (102 moh) på Lekven er det enkelte som har ført opp, den er vel i grenseland, men er folk nøgd med å ha kome seg til ein topp så har dei kunna føra den opp.
– Det er kjekt å sjå at denne facebookgruppa har vore motiverande for mange, også for meg sjølv. Det har vore fleire som har vore ivrig, blant anna Kenneth Hausberg og Eirik Walle. Men Finn-Erik imponerer noko enormt, seier Morten Bjørke Thuen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.