Oppvekst | 17. okt. 2023

Frå i dag kan du søka barnehageplass i Strøno

– Ein viktig milepæl, men det er no det hastar å få svar.

Frå i dag kan du søka barnehageplass i Strøno
Barnehagen blir i dag driven i delar av skulebygget, har 26 plassar og venteliste. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. okt. 2023 08:42

Engasjementet for å halda barnehagen i Strøno i drift etter sommaren 2024 er framleis stort. I slutten av mai blei Prosjekt Strøno Barnehage stifta, og gjennom sommaren har det blitt jobba med både kartlegging og driftsform.

– Vi jobbar framleis parallelt med to alternativ, foreldredriven og overtaking av ein annan privat barnehagekjede. No har vi kome så langt at vi har behov for konkrete tal, seier Malin Frotveit Johnsen.

Ho sit i styret i Prosjekt Strøno Barnehage saman med Tonje Hernes (leiar), Kamilla Lindborg og Kristian Strønen.

Saman har dei drive kartlegging blant eksisterande innbyggarar og tomtekjøparar.

– Vi lurer ikkje på om det er behov for barnehagen slik den er i dag, vi lurer på om det er behov for utviding.

– 2022-årgangen åleine er 11 ungar, og det er fleire husbyggarar og tomtekjøparar her ute som anten har små ungar eller er gravide.

– Derfor vil vi at alle som helst ønskjer plass i Strøno søkjer no.

Barnehagen er godkjent for 26 plassar. Den er i dag full og har venteliste, og berre tre av ungane som har plass i dag veks inn i skulealder neste år.

Eit hasteoppdrag

Då Johnsen kontakta barnehageavdelinga i kommunen, for å be dei setja opp Strøno som alternativ, fekk ho rask og positiv respons.

– Lena Epland Sløgedal forsto at dette var riktig og viktig, og allereie i dag tidleg var Strøno barnehage oppe som eige alternativ i Barnehageportalen!

Der skriv kommunen «Strøno barnehage, dersom det blir tilbod haust 2024».

– Om det, mot formoding, ikkje blir vidare drift, mister ikkje søkjarane plassen sin der dei er i dag.

– No vil vi jobba med å få alle som er her frå før, og alle nytilflytta eller komande innbyggarar i Strøno, til å søkja. Sjølv om det er nokre månadar til hovudopptak, håper vi på rask respons, det beste ville vore om vi hadde eit godt talgrunnlag allereie om ei veke.

Bakgrunn og alternativ

Utan denne raske og gode hjelpa frå Sløgedal, måtte søkjarar gjort prosessen på gamlemåten.

Skorvane FUS overtok drifta av Strøno som ein satellitt då dei fekk etablera seg på Skeie, noko som var eit vilkjår frå kommunen. Då dei ville gi seg i Strøno, investerte kommunen i opprusting, men FUS sette likevel sommaren 2024 som sluttdato.

For å søkja deg til Strøno måtte du tidlegare søkja Skorvane FUS, og skriva ein merknad om at du ville i Strøno.

– Det var fleire ulemper med dette. Den eine er at Strøno ikkje framstår tydeleg som alternativ, ein annan at FUS har sett sluttdato.

– Ein tredje faktor er at dei som har Strøno som førsteval, men eventuelt ein annan barnehage enn Skorvane som andreval, likevel vil hamna i Skorvane, om Strøno var full og Skorvane har plass. Sidan det er same søknad.

– No kan folk setja Strøno på førsteplass utan å risikera verken å mista plassen dei har i dag eller å ikkje ha eit reelt alternativ nummer to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.