Kultur | 08. mai 2019

Frå kassabil til mageplask

Tysnesfest har sleppt fleire namn - og fleire nye formar for underhaldning.

Frå kassabil til mageplask
Vi kan rekna med at den atletiske osingen Arne Veim Haugland blir å sjå på «Døds Challange Tysnesfest» laurdag 13. juli.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. mai 2019 20:59

Den siste månaden har Tysnesfest (10. - 14. juli) sleppt ei rekkje nye namn til årets festival, som 10CC , LÖV, Shuffle Baby, Big Men Bluesband og MUKTI.

I tillegg startar dei ein eigen festival i festivalen, Tysnesfest UNG, med blant anna youtuberane Murdrocks og Agneteshm og «Gutta» frå Frekhaug på plakaten.

Marthe Wang er årets kyrkjeartist, Skambankt skal spela på Såto (unplugged!).

– Billettsalet går som det susar om dagen! Me har aldri selt så mykje så tidleg før, sa festivalsjef Sigvard Madsen i slutten av april.

«Stupetårn» i særklasse

Nytt i år er òg at marknadsdagane får fri entré, og at kassabilløpet utgår. Inn for kassabilane kjem heftige stup og hopp når The International Døds Federation inviterer til Døds Challange Tysnesfest.

– Det gamle og ærverdige Veteranskipet M/S Sunnhordland blir bygd om til kanskje den heftigaste dødserampen i verda. Iallefall den mest spesielle! Her får du sjå den absolutte verdselita gjera krumspring i lufta som ein ikkje skulle tru var mogleg! Berre dei tøffaste av dei tøffe vågar seg utpå i denne galskapen!

Det blir delt ut pengepremiar til dei tre beste, og vinnaren av Døds Challange Tysnesfest vinn «Golden Ticket» som gjer at han/ho går direkte til finaledagen under VM i Døds i Frognerbadet i august.

– Har du nerver av stål? Meld deg på! Viss ikkje, bli med og sjå på desse sjuke deltakarane, for det blir heilt galskap!

Programmet nærmar seg komplett: Broiler, Matoma, AURORA, LIND+NILSEN+FUENTES+HOLM, Shuffle Baby, LÖV, Åge & Sambandet, DDE, Rotlaus, Staut, 10CC (UK), Skambankt, DJ Axillar, Ina Wroldsen, Kriminell Kunst, Kjartan Lauritzen, Ausekarane, Naboen Min, Finn Schjøll, Helge Jordal og Marthe Wang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.