Sport | 06. apr. 2012

Frå kol til øl

Ta av deg på beina. Lever børsa til personalet i butikken. Møt reinsdyr i gata. Opplevingane er mange og unike i Longyearbyen.

Frå kol til øl
Sentrum av Longyearbyen. Ei gågate og to køyrevegar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 06. apr. 2012 10:12

Bildeserie:

Det er eit mektig syn du møter når du går av flyet på hotellneset (foto: AH)
Det er eit mektig syn du møter når du går av flyet på hotellneset (foto: AH)
Tettheiten av snøscooterar er høg. Vinterstid er det det best egna framkomstmiddelet (foto: AH)
Tettheiten av snøscooterar er høg. Vinterstid er det det best egna framkomstmiddelet (foto: AH)
..også elevane på den vidaregåande skulen nyttar scooter som skuleskyss (foto: AH)
..også elevane på den vidaregåande skulen nyttar scooter som skuleskyss (foto: AH)
Utbygginga er høg i Longyearbyen. Her kjem eit nytt hotell (foto: AH)
Utbygginga er høg i Longyearbyen. Her kjem eit nytt hotell (foto: AH)
Grunna permafrost ligg vatn-, kloakk- og fjernvarmerør oppå bakken (foto: AH)
Grunna permafrost ligg vatn-, kloakk- og fjernvarmerør oppå bakken (foto: AH)
"Kroa" sentralt i Longyearbyen er truleg den mest populære utestaden (foto: AH)
"Kroa" sentralt i Longyearbyen er truleg den mest populære utestaden (foto: AH)
..men også museet er verdt å besøka... (foto: AH)
..men også museet er verdt å besøka... (foto: AH)
..for mellomanna å få eit innblikk i gruvesamfunnet (foto: AH)
..for mellomanna å få eit innblikk i gruvesamfunnet (foto: AH)
..og vilkåra for fangstmenna. Denne proviatlista heng riktig nok på Kroa (foto: AH)
..og vilkåra for fangstmenna. Denne proviatlista heng riktig nok på Kroa (foto: AH)
Du veit du er langt nord når det er kortare til Nordpolen enn til Oslo.. (foto: AH)
Du veit du er langt nord når det er kortare til Nordpolen enn til Oslo.. (foto: AH)
1 av 10

Sjølv om det framleis er gruvedrift på Svalbard har turismen fått ein stadig større plass.

Fra å ha vore eit isolert gruvesamfunn der kontakt med omverda skjedde via båt om sommaren, har Longyearbyen utvikla seg til også å bli eit turistmål med daglege flyavgangar til fastlandet.

Fleire vil oppleva det spektakulære

I februar hadde dei nær 4800 overnattingar på overnattingsstadane. 8 av 10 turistar er nordmenn som vil oppleva øygruppa, men også gruppa av utanlandske gjestar er aukande, med 70,9 % fleire turistar av utenlandsk opphav i februar i år samanlikna med året før.

Det er eit mektig møte du får når du nærmar deg Svalbard luftvegen. Spesielt om du er heldig med vêret slik som Midsiden var då vi besøkte øygruppa like før påske. 10.000 fot under oss breidde det spektakulære landskapet med spisse fjell, lange fjordar og mektige brear seg ut i det vi kom over Bjørnøya og inn over Sørkapp.

Ein halvtime meir lys kvar dag

Mindre vakkert blei det ikkje då vi kom ut av flyet og såg innover mot Longyearbyen og Adventsdalen som låg bada i solskin. Dagane har i slutten av mars allereie byrja å bli lange. Klokka ti om kvelden var det like lyst som på Os i sju-tida om ettermiddagen.

- No blir dagane ein halvtime lengre kvart døgn fram til midnattsola kjem i midten av april, fortalte guiden vi møtte morgonen etter.

Første solstråla etter mørketida feira innbyggarane i Longyearbyen med solfest på den gamle sjukehustrappa så seint som 8. mars.

Set frå deg skoa

For ei landkrabbe frå fastlandet er det ein del artige opplevingar i dagleglivet i Longyearbyen. Om du besøkjer Sysselmannen sitt kontor eller skal eta fin middag på «Funken» eller «Huset» møter du skilta som ber deg ta av deg på beina før du kjem inn.

Denne litt spesielle tradisjonen stammar frå den tida då gruvene låg nærmare byen og gatene var dekka med kolstøv.

- For å sleppe å vaska huset kvar gong ein fekk besøk blei det ein vane at gjestane tok av seg på beina når dei kom ein stad. Tidlegare var det også heilt vanleg å gjera det i butikkane òg, forklarte resepjonisten på hotellet oss.

Lever frå deg våpenet

Sjølv om sysselmannen sine folk prøver å skremma vekk isbjørnen før han kjem inn i bustadsområda kan du fort sjå innbyggjarar gåande i gatene med barnevogn og rifle over skuldra. Skal ein bevega seg utanfor byen er det nemleg ein viss risikoen for å møta den kvite kongen.

At folk går rundt med skytevåpen har butikkar, bankar og serveringsstadar tatt konsekvensen av ved å setja opp skilt av meir eller mindre humoristisk karakter ved inngangsdøra.

"Isbjørnen i denne butikken er allereie skutt. Vennligst deponér våpenet hos ekspeditøren", står det for eksempel utanfor ein av butikkane.

Reinsdyr i gatene

Om du ikkje risikerer å møta isbjørn i gatene i Longyearbyen er sjansen stor for at du får helsa på den kortbeinte og tette svalbardreinen rundt eit hushjørne.

- Dei har ingen naturlege fiendar og er svært fredelege. Derfor lever dei like gjerne mellom husa her i Longyearbyen som ute på tundraen.

Økonomisk frisone

Sidan Svalbardloven frå 1925 seier at øygruppa mellom anna er ei økonomisk frisone er ein tur på butikken ofte ei hyggeleg oppleving for ein fastlandskrabbe, vant med å bli dynga ned av avgifter på det meste.

Varer blir henta til øygruppa med båt om sommaren frå nesten heile Europa, dermed blir det både eit billig og variert vareutval. Det einaste som ikkje er billig er ferskvarer som frukt, grønt og mjølk.

Dette må dei nemleg henta frå fastlandet med fly og fraktkostnadane gjer at utsalprisen blir relativt høg.

Kvoter på alkohol

Om du skal kjøpa alkohol for å ha på rommet når du er der oppe må du gå på «Nordpolet», ein krok av samvirkelaget kor prisane også er prega av «Tax-free». Ein ting du må hugsa på om du skal der er å ta med deg boardingkortet frå flyturen.

Som turist får du nemleg lov til å kjøpa 2 liter sprit, 2 liter vin og 24 boksar øl (OBS. Tilbake til Noreg har du berre lov å ha med deg vanleg kvote på 1 liter sprit, 1 liter vin og 2 liter øl).

Dei fastbuande har eigne kvoter for kor mykje alkohol dei får kjøpe kvar månad. Til dette må dei vise fram «Alkoholkort», eit kort som blir brukt over heile øygruppa som bevis på at dei er fastbuande.

Vert å få med seg

Det er ikkje så mykje som skjer i sjølve Longyearbyen. Dei fleste som reiser der i februar til april reiser av same grunn som Midtsiden, nemleg å få nærkontakt med naturen gjennom scooterutflukter. Men litt er det likevel verdt å få med seg i sjølve byen.

Svalbardmuseet gjev eit godt innblikk i utviklinga av svalbardsamfunnet frå det var kvalfangerbase på det 16. og 17. århundret, via gruvedrifta som starta i byrjinga av 19. talet til dagens samfunn, der forskning og turisme har blitt ein viktig del.

Også galleriet med bilda til nyleg avdøydde Kåre Tveter er verdt eit besøk. Bilda hans får ei heilt ny meining etter at du sjølv har opplevd landskapet og naturen. Plutseleg har det blitt lettare å sjå dei duse fjella han skildra.

«Kroa» har utvikla seg til å bli den mest populære utestaden/restauranten, men også det historiske «Huset», der direktørane, funksjonærane og gruvesluskane møttest til fest og løye, er verd å ta eit måltid på.

Seinare i påsken kan du bli med Midtsiden ut i den ville Svalbard-naturen på besøk til den russiske busettinga i Barentsburg, og ikkje minst, på "jakt" etter isbjørn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.