Sport | 16. nov. 2017

Frå kontorarbeid til kunstgras

Auka frå 2 til 10: I dag er første trening etter ferien - dette er status hos Lysekloster.

Frå kontorarbeid til kunstgras
Ruben Hetlevik har sete på kontoret mens spelarane har hatt fri. I kveld er første trening etter serieavsluttinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. nov. 2017 13:43

Då Lysekloster avslutta årets serie med 1-2-siger over Brann 2 på bortebane, var det den sjette sigeren i rekkja, og 3 poeng som gjorde at dei var a-poeng med serievinnar Brattvåg.

Då sesongen var slutt var det òg berre to spelarar som var på kontrakt for 2018-sesongen; Stian Lønne Dyngeland og Denis Ljubovic.

I dag startar treninga igjen. Mens spelarane har hatt fri har hovudtrenar Ruben Hetlevik hatt kontordagar.

– Vi fekk, før spelarane tok ferie, positive signal på interesse for å vera med vidare. No har vi signert ny kontrakt med to av spelarane vi hadde med oss i serieinnspurten, og har berre formalitetar igjen på fire-fem andre, fortel Hetlevik.

Dei to som er sikra for 2018 er Thorvald Modahl Trætteberg og «Lysekloster-veteran» Sigve Rørstad.

– Vi hadde i utganspunktet fornya med Kasper Hjørngaard, men av private årsaker måtte han dessverre tilbake til Danmark.

Prøver seg i andre klubbar

To andre spelarar har sagt at dei vil sjå seg litt rundt før dei bestemmer seg, etter ein sesong med lite speletid i 3. divisjon.

– Tshizang'S-Kapinga Brazy og Joachim Bjånesøy er for tida og trener med Varegg, fortel Hetlevik.

– Kva med dei to innfødde osingane, Frode Moberg Øvredal og Håkon Kvittingen, som òg har spelt lite?

– Som sagt, alle gav positive signal før dei fekk fri nokre veker, og det er ikkje alle eg har hatt tid til å snakka med i sjølve ferien. Men samla sett ser det bra ut, eg vil tru vi har dei fleste frå haustsesongen med oss vidare, i alle fall blant dei som spelte mykje, og 8-10 av desse er allereie klare.

Vil signera 4-5 nye

Ruben fortel om stor pågang frå spelarar frå ulike klubbar i Sør-Noreg som viser interesse for å prøva seg for Lysekloster.

– Sjølv om vi ser ut til å få stamma med oss vidare, vil det nok vera ønskje om, og rom for, å signera 4-5 nye spelarar i løpet av vinteren. Det er godt mogleg at to nye er signert før jul.

– Vi har vore i dialog med nokre, og det kan koma eit par nye på trening allereie i kveld.

Ikkje Spania neste år

Lysekloster skal dei neste månadane trena fire dagar i veka, måndag, tysdag og fredag i Lysefjorden, torsdagar i Vestlandshallen.

– Ved sidan av dialog med spelarane har vi brukt spelarferien på planlegging av trening og treningskampar. Der tar vi ny vurdering i januar for plan fram mot våren.

Treningsleir er òg i ferd med å bli avklart. Dei siste åra har Lysekloster reist til Albir på fastlandet i Spania, i 2018 ligg det an til å bli Tyrkia i månadsskiftet februar-mars.

– Eg har vore i Tyrkia med andre lag åtte gongar, og det var svært vellykka, fortel Hetlevik.

Opprykk i 2018?

I år var Lysekloster eitt poeng frå opprykk. Ambisjonane er, ikkje uventa, like høge før neste sesong.

– Kva skal de gjera betre i 2018?

– Vi ser tilbake på ein god sesong. Planane våre virka. Men det er små marginar. Vi tapte 4 kampar og spelte 5 uavgjort.

– Neste år må vi ofra litt meir, vinna fleire av kampane som ligg an til å bli uavgjort. Det har eg tru på at vi skal få til, seier Ruben Hetlevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.