Frå ledig areal til levande næring
NÆRINGSNYTT VEKE 3: Frå tomme kvadratmeter til fulle butikkar, verkstader og møteplassar: Den siste tida har fleire ledige eller underutnytta lokale fått nytt liv.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Kvar veke snik eg utvald næringslivsstoff utanfor betalingsmuren vår. Om du vil sikre deg innblikk, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
Full fart frå første opningsdag
Os Caravan & Fritid AS har knapt rukke å kome heilt i orden i dei nye lokala i Industrivegen 2 før resultata kom.
– Vi har selt tre campingvogner og éin bubil så langt, seier eigar Eirik Wasmuth, etter berre nokre få opningsdagar.
Selskapet flytta inn i romjula og har no over 1.000 kvadratmeter innandørs areal – rundt 200 meir enn før. Det gir både plass til fleire einingar på hjul og eit større utval fritidsutstyr.
– Vi er godt rusta og klare for 2026-sesongen, seier dagleg leiar Kristian Thorsen.
I byrjinga av februar inviterer dei til opningsmesse.
Frå regn og frost – til varme og møblar
I helga skjedde det noko uvanleg i ein møbelbutikk på Søfteland. Ei gruppe torghandlarar, van med regn, vind og kalde fingrar på utandørsmarknadar i Bergen, fekk kome under tak hos Sælen Møbler.
– Vi treng ikkje kvar einaste krok av den store butikken vår. Det kostar oss lite å hjelpa, seier Tommy Sælen.
For seljarane betyr det tørr, varm marknadsdag – for møbelbutikken kan det bety nye kundar.
Laurdagens marknad var eit forsøksprosjekt, men både vertskap og utstillarar opnar for at det kan bli meir.
Stol-leik og eigarskifte i røyrleggar-gata
I Kolskogheiane og Industrivegen ligg røyrleggarbedriftene tett. Då Varme- og Rørteknikk (VRT) valde å avvikle drifta og selje bygget sitt, vart løysinga lokal.
Tre av dei tilsette – inkludert to eigarar – fekk jobb hos naboen Norør, berre 120 meter unna.
– Vi samarbeidde ein del frå før, så dette fall naturleg, seier Kjersti Hansen i Norør, som har opplevd kraftig vekst dei siste åra.
Bygget VRT heldt til i er no selt vidare til Rørlegger Titlestad, som melder om «all time high» i ein elles krevande bransje.
Ledig – men ikkje lenge
Eit lite lokale på Amfi Os, frigjort etter at tidlegare Asia Mat, no Maimai, flytta til større plass, står mellombels brukt som bilutstilling. Men senterleiinga har større planar.
– Vi har veldig spennande planar for det lokalet, seier senterleiar Kenneth Smørdal, utan å røpe detaljar.
Samtidig har Bjørnafjorden kommune gitt grønt lys for byggestart på nytt Kiwi-bygg på Stokkabakkane i Søvik. Der kjem det ikkje berre matbutikk og apotek, men òg rom for treningssenter, kontor eller helsetenester i andre etasje.
Det ser ut som at ledige areal ikkje blir ståande lenge, i alle fall ikkje når vilje, samarbeid og investeringar fell på plass. Nye lokale gir nye moglegheiter – for både næringsdrivande og lokalsamfunn.
Midtsiden følger utviklinga vidare – og held deg oppdatert på nye opningar, flyttingar og planar.
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist











