Sport | 23. feb. 2019

Frå Lysekloster til europeisk toppklubb

Mirza Mujcic sensasjoneltklar for Olimpija Ljubljana.

Frå Lysekloster til europeisk toppklubb
Mirza Mujcic, her for Lysekloster i 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. feb. 2019 09:59

– Han var den beste spelaren vår hausten 2017, sa sportsleg leiar Svein Kollen då det i romjula blei klart at Mujcic kom tilbake til Lysekloster frå Brattvåg.

Onsdag i førre veke blei den svensk-bosniske midtstopparen, som med svenske Gais har erfaring frå Allsvenskan, selt til den slovenske storklubben Olimpija Ljubljana.

– Kontakten oppsto for tre veker sidan. Mirza har ein makedonsk agent som bur i Svergie. Mirza reiste på treningsleir med Olimpija Ljubljana i Tyrkia, fortel Kollen.

«Mirza Mujcic sensationellt klar för Olimpija Ljubljana», skriv svenske Expressen.se.

– Det er både positive og negative sider med dette. Det er kjipt å forlata Lysekloster, som har vore som ein andre heim for meg. Samtidig er dette ein stor moglegheit og eit stort steg for meg. Eg får oppleva noko spesielt, seier han til BT.

Rekordsum

Onsdag i førre veke kom han heim, og forhandlingane starta.

– Vi var einige natt til torsdag.

– Kom Lysekloster med prisforlangande eller kom ny klubb med eit tilbod?

– Vi blei einige, er alt Kollen vil seia.

Han legg ikkje skjul på at overgangssummen er høg. Overgangar til tilsvarande klubbar ligg gjerne på 100.000 Euro, men Mujcic har berre signert for eit halvt år, og kjem frå norsk 3. divisjon.

– Eg har ingen kommentar til sum, men det er nok med god margin den høgaste i Os-fotballen.

– Kan pengane gå til fleire nye spelarar?

– Det kunne dei gjort, men vi har nesten fullt hus. Vi var førebudd på at vi kunne mista Mujcic igjen, og var einige om å ikkje stå i vegen om han fekk sjansen lengre oppe i systemet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.