Næringsliv | 10. juli 2011

Frå mote til interiør

Tilbords opnar på AMFI Os: Rosmari Sorthe har jobba på senteret før, men no er det eigen butikk og ny bransje.

Frå mote til interiør
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. juli 2011 20:06

Torsdag opnar den nye butikken Tilbords på AMFI Os. I mai byrja oppussinga av lokalet der Divakjoler tidlegare heldt til.

– Veggar, tak og golv er nytt, i tillegg til all innreiing. Denne innreiinga er ny for Tilbords-kjeden, vi er blant dei første med denne utsjånaden, seier innehavar Rosmari Sorthe.

Jordmor eller butikkdrivar?

Rosmari er frå Molde, men møtte osingen Rune Borgen og flytta til Os for fire år sidan. Ho blei butikksjef hos Wagner i AMFI Os, ein butikk som gjekk godt, men som stengte då kjeden gjekk konkurs.

– Då butikken stengte var eg allereie i fødselspermisjon, med planar om å studera for å bli jordmor.

Så langt kom ho ikkje, sambuaren fann annonsen der Tilbords søkte etter franchisetakar på Os.

– Elskar interiør

Tilbords sel servise, glas, bestikk, kasseroller og anna utstyr til baking og kjøkken.

Sjølv om Rosmari no kjem på plass i same etasje i same senter som ho har jobba før, er spranget frå herremote til porselen stort.

– Likevel er dette endå nærmare det eg interesserer meg for. Eg har blant anna eigen blogg om interiør, fortel Sorthe.

Bakst og bryllaup

Rosmari fortel at 65 prosent av vareutvalet er unikt for Tilbords, varer berre denne kjeda fører. 25 prosent er merkevarer som Eva Solo, Hardangerbestikk, Stelton og Rosendahl - og 10 prosent er handplukka av franchisetakar.

– Når det gjeld dei 10 prosentane så valte eg Cacas. Eg har inntrykk av at Os er ei bakebygd, og Cacas har utruleg mykje spennande som passar for dei som enkelt vil laga spennande meisterverk, frå fargerike cupcakes til heile kaker med form som ein teikneseriefigur.

Bryllaup er også noko ho trur blir viktig for den nye butikken.

– Tilbords har både varene og systemet for mottak av brudepar, med fast bryllaupsdag kvar torsdag og brukarvenleg ønskjeliste på internett, fortel Rosmari, klar for nyopning torsdag formiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.