Frå Nashville til Peppes

Blue Note Shuffle tok i sommar turen til Nashville for å spela inn debutalbumet sitt. Fredag og laurdag er det sleppefest, her ser du bilde frå turen.

Blue Note Shuffle i studioet i Nashville. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. nov. 2012 11:42

Bildeserie:

På restaurant med eigen hai-tank.
Bandet frå Os leigde inn Kevin McKendree på piano.
Stemninga var stor med Kjell Arne og Timmy som kor.
Downtown Nashville.
Musikarane frå Os fekk med seg delar av CMA Country Music Festival.
Og puben kjent frå filmen Coyote Ugly.
Shopping og inspirasjon.
Musikk pregar bybildet i Nashville.
Avskjedsfest. Erick Jaskowiak i midten til høgre. (Privat foto)
Steinar og familien blei verande to veker til. Her på baseballkamp.
På restaurant med eigen hai-tank.
Bandet frå Os leigde inn Kevin McKendree på piano.
1 av 10
Bandet frå Os leigde inn Kevin McKendree på piano.
Stemninga var stor med Kjell Arne og Timmy som kor.
Downtown Nashville.
Musikarane frå Os fekk med seg delar av CMA Country Music Festival.
Og puben kjent frå filmen Coyote Ugly.
Shopping og inspirasjon.
Musikk pregar bybildet i Nashville.
Avskjedsfest. Erick Jaskowiak i midten til høgre. (Privat foto)
Steinar og familien blei verande to veker til. Her på baseballkamp.
På restaurant med eigen hai-tank.

Det er tre år sidan Steinar Lyssand (gitar og vokal), Kjell Arne Haringstad (trommer) og Torbjørn "Timmy" Kristiansen (bass) byrja å spela saman i Blue Note Shuffle.

Musikarane frå Os spelte coverlåtar, men også eigne låtar frå starten. Med ein vokalist som også er produktiv med skrivearbeidet blei det fort eit stort repertoar med eigeprodusert materiale.

– Vi har rundt 30 låtar no. Det blei ein tøff jobb, også med enkelte tøffe diskusjonar, då vi skulle velja ut 12 spor til debutalbumet vårt, "The Way Home", fortel Steinar.

Dobbel sleppefest

Blue Note Shuffle har spelt på dei fleste bluesklubbane i fylket, på Osøren Blues og Jazzfestival i 2010, 2011 og 2012, og på fleire blueskveldar på Peppes Pizza på Os.

Og det er på Peppes dei no tar sleppefest med konsert både i kveld og laurdag kveld.

– Vi har berre trykt opp 250 plater til no. Vi får vel ta å signera nokre av dei på førehand, seier Steinar og håper på livlege kveldar i restauranten på kaien i Os sentrum.

ORBO viste veg til Nashville

Det var i samband med ein spelejobb at Steinar i samtale med ORBO & The Longshots-bassist Paul Inge Vikingstad fekk ideen om å reisa til Nashville og spela inn plate.

– Paul Inge var veldig oppmuntrande og sa at han og resten av ORBO hadde veldig gode erfaringar med å spela inn plater i USA, hos Erick Jaskowiak i Nashville.

Jaskowiak vann spellemannsprisen med ORBO si plate "High Roller" (2008) og er nominert til Emmy-prisen heile fem gongar.

Vikingstad sendte tips og kontaktinfo til Steinar, som raskt oppretta kontakt med den Nashville-baserte produsenten.

Leigde inn pianist

I juni i år gjekk turen til Nashville. Bandet budde heime hos Jaskowiak, som har innreia studio i eigen garasje.

– Vi var også nedom studioet han jobba i tidlegare. Der helste eg blant anna på produsenten til Taylor Swift og bassisten til Dolly Parton, fortel Blue Note Shuffle-vokalisten.

Til innspelinga leigde bandet inn pianist Kevin McKendree, som blant ana har spelt med Brian Setzer og Delbert McClinton, begge er kjente artistar i USA.

Til sleppefesten i Os har bandet med seg Ove Gaassand på tangentar.

To veker med ferie

Bandet var hos Jaskowiak i éi veke. Så kom Steinar sin sambuar, Grethe Kongestøl Særvoll, og sonen deira, Adrian S. Lyssand, til Nashville.

– Vi fekk nokre fina dagar saman, familien og bandet, før Timmy og Kjell Arne reiste heim igjen.

– Etterpå blei vi igjen i Nashville på ferie, der vi blant anna besøkte Grand Ole Opry House, eit verdskjent konserthus der dei store stjernene har kvar sine garderobar og kvar sine postkassar.

Medan Blue Note Shuffle var i Nashville var det også festival, CMA Country Music Festival.

– Det var musikk og konsertar over alt. Vi var i ein platebutikk då vi høyrte fantastisk gitarspeling frå puben i nabolokalet. Vi gjekk inn og der sto Johnny Hiland, av mange sett på som ein av dei beste countrygitaristane i verda.

– Utover i ferien blei det også ein tur på scenen, då eg deltok på ein jam med ein gjeng flinke musikarar som inviterte meg med vidare.

Etter ferien kom Steinar direkte til Os for å spela med bandet sitt igjen, på Osøren Blues og Jazzfestival.

No er han spent på helga, sleppefesten og mottakinga av debutalbumet.

– Vi er veldig takksame for den støtta og det engasjementet publikum i Os viser, avsluttar Steinar Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.