Kultur | 15. aug. 2012

Frå nett til papir

Sven Hope, Noregs første internettromanfigur, tek steget inn mellom permane når Fredrik Schmidt Fotland i oktober debuterer.

Frå nett til papir
Fredrik Schmidt Fotland debuterar i oktober med kriminalromanen "Agenten". (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. aug. 2012 06:20

Hausten 2000 sat lysefjordingen Fredrik Schmidt Fotland og drøste saman med ein kompis som jobba som webdesignar. Felles var ei harme over dei enkle realityshowa som Big Brother og liknande.

- Det heile starta som eit tulleprosjekt kor kompisen min sette opp ei enkel webside og eg starta på ei "dagbok" med figuren Sven Hope, ein litt enkel, men positiv person.

- Etter kvart utvikla persongalleriet seg og vi fekk merksemd i blant anna Dagbladet, som omtalte dette som Noregs første internettromanfigur, fortel Schmidt Fotland.

Til NRK og Brann

Frå nettet gjekk vegen vidare til NRK Hordaland og Brann.no for Sven Hope og kompisane.

- Eg kom den samen hausten i kontakt med NRK Hordaland. Dei tente på ideen om å laga ein følgjetong om livet til Sven Hope, noko som enda i 52 episodar basert på internettfiguren. Ein ettermiddag i veka fekk lyttarane til NRK høyra om livet til Sven.

- Sven er, som meg, oppteken av fotball. Difor var vegen til Brann.no og stadion kort. I tre år skreiv eg om Sven sine opplevingar før, under og etter heimekampane på stadion, fortel Fotland.

I dvale

Etter tre år på Stadion gjekk prosjektet i dvale og Sven Hope forsvann frå både nettet og Brann.

- Det var travelt med jobb og andre ting, noko som gjorde at skrivinga blei sett på sidelinja ein periode.

- Då eg for cirka halvanna år sidan fekk ein tøff periode der eg etterkvart gjorde som mange andre, byrja å fundera over kva eg ville gjera med livet mitt, kom det tilbake til meg.

- Det var faktisk på veg heim frå ein grautfest vesle julaftan det slo meg at det var skriving eg ville satsa på. Då var ikkje vegen lang tilbake til Sven Hope og persongalleriet rundt han, fortel ein ærleg Schmidt Fotland.

Drap på Brannspelar

Sven hadde vore ein fast travar på Stadion. Det fall difor naturleg for forfattaren å leggja handlinga rundt fotballmiljøet og banen til Brann.

- Stemninga og sitringa før kamp er noko av det eg sjølv set mest pris på med Stadion. Eg høyrer nok til den største gruppa av supportarar som ikkje er ihuga fans som Bataljonen eller går på stadion fordi vi har investert i laget.

- Noko av den følelsen har eg prøvd å fanga i boka.

- Kva type bok er det du no kjem med?

- No skal eg ikkje røpa for mykje av handlinga før boka kjem, men det er ein krim, kor Sven noko uforvarande dumpar borti ein ung, død Brann-spelar. Sven er den siste som prata med spelaren.

Betre blir det ikkje når konkurrenten og kameraten til spelaren lir same skjebne kort tid etter.

Plass til fleire i Bergen

- Krim frå Bergen. Du er ikkje redd for at Bergen er brukt opp i den sjangeren?

- Nei. Det Bergen Stålesen viser i bøkene om Varg Veum er Veum sitt. Det Bergen eg skildrar er Sven sitt. Same by, men likevel ulik.

- I fotballen er det plass til både Brann, Løv-Ham og Fyllingen i Bergen. Det trur eg det er i litteraturen òg, forklarar Schmidt Fotland, som gler seg til lansering av "Agenten" i slutten av oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.