Kultur | 02. apr. 2011

Frå opera til Oseana

Janne Mari Hjelle blir Oseana sitt ansikt utad når huset opnar i juni.

Andris Hamrelørdag 02. apr. 2011 06:57

Fredag blei 28 år gamle Janne Mari Hjelle frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane tilsett som Osana sin første kulturhusvert.

- Janne Mari kjem til å bli den første publikum møter når dei kjem til Oseana, fortel direktør Kim Kristoffersen.

- Ho vil mellom anna få ansvaret for resepsjon, sentralbord, bilettsal og formidling i kunstmuseet.

Frå Den Nye Opera

Hjelle kjem frå Den Nye Opera, kor ho det siste året har jobba med informasjonsarbeid, marknadsføring og som ansvarleg for dei frivillig operavertane.

- Janne Mari har ein bakgrunn og ei erfaring som var midt i blinken for oss, seier direktøren om sin nye medarbeidar.

Ho har også vore prosjektmedarbeidar hos Museumssenteret i Hordaland, og har tidlegare jobba både som lærar og fabrikkmedarbeidar.

Budeie i by'n

Janne Mari Hjelle bur i Bergen, kor ho har jobba og studert sidan 2007.

- Eg ser på meg sjølv som ei budeie i by'n, seier den nye kulturhusverten.

- No gler eg meg til å koma i meir landlege omgjevnadar på Os.

Ho skildrar seg sjølv som ei hestejente, for tida utan hest, som i staden bruker tida på å løpa i Fjellvegen, pleia litteraturinteressa og å gå på konsertar og teater.

- Eg gler meg stort til å bli kjend med Os og osingane, avsluttar Oseana sitt nye ansikt.

Det var 43 søkjarar til stillinga som kulturhusvert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.