Kultur | 05. jan. 2017

To frå Os nominerte til Spellemann

Lysefjorden stiller sterkt i årets spellemann, både Aurora og Abbath er nominert. Fleire av dei andre nominerte har òg ei viss tilknyting til Os.

To frå Os nominerte til Spellemann
Abbath og Aurora er begge nominert til Spellemann 2016 (arkivfoto: KVB/AH)
Andris Hamretorsdag 05. jan. 2017 13:16

Torsdag presenterte spellemannskomiteen dei nominerte til spellemannsprisen 2016.

Aurora Aksnes frå Lysefjorden er nominert i tre klassar, Årets popsolist, Årets album med «All my demons are greeting me as a friend» og årets musikkvideo med «I went to far».

Men det er ikkje berre Aurora som kan laga musikk i Lysefjorden. I klassa for metal finn vi Olve «Abbath» Eikemo som i januar gjekk solo med albumet «Abbath», eit album han fekk terningkast 5 for.

– Dette er rock'n'roll, bare i en hvassere og mer mannevond variant, meinte BT.

Abbath og Immortal var nominert òg i 2010, då takka dei nei til nominasjonen.

Frå Rock 'n' LoL til spellemann

Det er ikkje berre artistar som frå Os som er nominert i år, men også ei rekkje artistar som "meir eller mindre" starta karriera si på legendariske Søfteland Rock ´n LOL. Blant desse finn vi Death by Unga Bunga (2011) og Kvelertak (2009 og 2012) som begge har gjort sine konsertar på Søfteland. Også Olve spelte på Rock ´n LOL i 2008, men då med Bömbers.

Ein av artistane som har opptrådd på etterfølgjaren til Rock ´n LOL - Osfest er også blant dei nominerte. MK´s Marvellous Medicine spelte på cruiset med Statsraad Lehmkuhl i 2014 og på sjølve festivalen i 2015.

Også Ausekarane, som er nominert i klasse for danseband, har fleire show bak seg i Os.

Eit av medlemmane i bandet, Svein Tore Hindenes, bur i Strøno.

Spellemannprisen blir delt ut på Sentrum Scene i Oslo laurdag 28. januar.

Her finn du alle dei nominerte

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.