Sport | 24. mars 2014

To frå Os på årets lag

Best i angrep - best i forsvar: Line Hjelle Berentsen og Emilie Hjertnes Halhjem på «årets lag» i kvinnene sin 2. divisjon i handball.

To frå Os på årets lag
Line Hjelle Berentsen og Emilie Halhjem Hjertnes blei tatt ut på årets lag i 2. divisjon og intervjua av konfransier Erik Hanøy under sesongavslutninga laurdag (mobilfoto: AH)
Andris Hamremåndag 24. mars 2014 11:13

Siste serierunde for handballdamene blei spelt i Haukelandshallen laurdag. Os avslutta sesongen med siger over Åsane og 15 mål av Line Hjelle Berentsen.

Laurdag kveld samla handballfolket seg til avslutningsgalla på Scandic Bergen City kor vel 400 spelarar, trenarar og lagleiarar heidra seriemeisterane og einskilde spelarar.

Trenarane i 2. divisjon hadde via e-post sendt inn sine draumelag i divisjonen.

På allstar-laget for kvinner fekk Os to av dei åtte plassane.

Skåra flest spelemål

Line Hjelle Berentsen har skåra 143 mål på 22 kampar, berre 7 av dei på straffe. Dermed enda ho på imponerande 136 spelemål. Dette var suverent best i 2. divisjon, men likevel blei Hjelle Berntsen ikkje toppskårar. Det blei Camilla Opheim frå Fyllingen med 179 mål, 57 på straffe og 122 spelemål.

Line Hjelle Berentsen blei av trenarane vurdert til å vera den beste venstre bakspelaren i divisjonen og blei tatt ut på denne plassen på allstar-laget.

Forsvarsbautaen

I tillegg til å plukka ut dei sju på allstar-laget, hadde handballregionen eit ønskje om å trekke fram den beste forsvarsspelaren.

– Det gjeld ikkje berre å skåra mål.

– Ein må òg hindra motstandarane i å gjera det same, fortalde konfransier Erik Hanøy då han introduserte Emilie Hjertnes Halhjem som årets forsvarsspelar.

Også Hjertnes Halhjem blei plukka ut av trenarane i 2. divisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.