Aurora og tidlegare Immortal-frontfigur, no soloartist, Olve «Abbath» Eikemo. (Pressefoto/Kjetil Vasby Bruarøy)

To frå Os på topp 10 i Noreg

Kva trur du både Aurora og Immortal er spesielt gode på?

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Popartist Auroa og blackmetalbandet Immortal ligg på 10. og 6. plass i ei oversikt VG har laga.

Oversikta handlar om kva musikarar i Noreg som har flest følgjarar på sosiale media.

– Dei som byr på eit innblikk i kvardagen og privatlivet sitt tiltrekker seg flest følgjarar, seier gründer og byråleiar i Coxit, Magnus Brøyn.

VG har tatt summen av følgjarar på Facebook, Instagram og Twitter. Nokre av musikarane og banda, som Immortal, bruker berre to av desse, men er likevel høgt på lista.

1. plass: Kygo - totalt 4.981.000 følgjarar
6. plass: Immmortal - totalt 1.087.000 følgjarar
10.plass: Aurora - totalt 661.000 følgjarar

Immortal bruker ifølgje VG ikkje Instagram, men har heile 1.016.000 følgjarar på Facebook, nesten halvparten av kva Kygo har (2,4 mill). Men samtidig har Kygo 2,2 mill på Instagram. Tidlegare frontfigur i Immortal, Olve «Abbath» Eikemo, er no soloartist, men har nok vore med på å dra opp følgjartalet. Abbath har 13.500 følgjarar på Facebook og 38.600 på Instagram.

Aurora har heile 237.000 følgjarar på Instagram, på topp 30-lista er det berre Kygo, Alan Walker, Marcu & Martinus og Astrid S som har fleire.

• Sjå heile lista på VG.no

Bryn seier det er fleire tendensar du kan lesa ut av lista.

– Dei meir etablerte artistane og banda har nesten utelukkande flest følgjarar på Facebook. Det seier noko om fansen sin alder. Samtidig er Snapchat og Instagram gjerne betre eigna til å vera personleg.

Fleire saker