Lokal | 11. okt. 2019

Frå Os til New York med ein gorilla og ein lastebil

Arne Søvik Larsen kjøpte det første kameraet sitt hos Fotograf Mortensen på Os i 1975 - i heile oktober stiller han ut bilda sine i New York.

Frå Os til New York med ein gorilla og ein lastebil
Arne Søvik Larsen trødde barneåra på Os. No er han vald ut til å stilla ut tre av fotografia sine i New York. (Foto: Bo Lehm Nielsen) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 11. okt. 2019 12:36

Bildeserie:

«Waiting Room» er utstilt på internett-utstillinga til New York Art Gallery. (Pressefoto)
«Waiting Room» er utstilt på internett-utstillinga til New York Art Gallery. (Pressefoto)
Det same er «One Chair». (Pressefoto)
Det same er «One Chair». (Pressefoto)
«Gorilla Truck/ Scania» kan du sjå fysisk format i New York. (Pressefoto)
«Gorilla Truck/ Scania» kan du sjå fysisk format i New York. (Pressefoto)
1 av 3

Arne Søvik Larsen er fødd i 1961. Barndomen fekk han i Oshaugen. No bur han på Laksevåg.

For konfirmasjonspengane han fekk i 1975 vart det ikkje moped, men fotografiapparat.

– Eg hadde allereie bestemt meg; eg skulle ikkje gjera som alle dei andre og kjøpa moped, men heller kjøpa meg eit kamera.

Kameraet vart kjøpt hos den legendariske fotograf Gunnar Mortensen på Os.

Med heile verda som utstilling

I mange år var Larsen eit namn å rekna med i fotokonkurransar, verda over. Han vart landsmeister fleire gonger, og Larsen hadde stor glede av hobbyen.

Så vart det brått slutt.

– Då digitaliseringa kom for fullt rundt tusenårsskiftet vart eg skit lei, fortel Larsen.

– Eg var av den gamle skulen som kunne trivast timesvis i mørkerommet, og når «alle» brått kunne gjera det same på nokre tastetrykk, forsvann både gleda og interessa for meg.

Comeback via Instagram

Med åra kom interessa tilbake, og i sommar opna Larsen sin eigen Instragram-konto med bilda sine.

Det var via denne kontoen at Larsen sine nye bilde vart oppdaga. På nokre hektiske månadar var han klar for utstilling i New York.

– Eg vart kontakta av ein som hadde sett bilda mine på denne Instagram-kontoen. Denne personen var overtydd om at eg burde søkja om bli vurdert hos New York Art Gallery.

Larsen fortel at gjekk nokre rundar med seg sjølv før han sende inn totalt 11 bilde til vurdering.

CONGRATULATIONS

-stod det øverst på e-posten Larsen fekk i retur ein knapp time etter at han hadde sendt bilda sine til vurdering.

– Av dei 11 bilda valde dei ut tre av dei, fortel Larsen. To av dei er utstilt på det internett-baserte galleriet dei har, og det siste, det med lastebil-gorillaen, heng i fysisk format på ein vegg i eit galleri.

– Vert det tur over til New York for å få heile opplevinga?

– Meg og kona mi vurderte det ei stund, men vi fann ut at det vart for styrete, og ikkje minst kostbart å dra heile vegen til New York, sjølv om det sjølvsagt fristar fælt då.

Og no har du omfamna digitaliseringa?

Eg har vel det, eller kanskje eg berre har utvida meg frå å vera ein rein fotograf til å bli ein kunstnar.

– No ligg bildet i botn, men med dei digitale moglegheitene til å manipulera bilda så langt du berre vil, er det vel meir kunst det eg stiller ut no.

Alt kan vera eit motiv

Larsen fortel at han alltid har vore fascinert av liner, formar og det smått abstrakte når han fotograferer.

– Eg ser motiv overalt, og eg kan brått bråstoppa med bilen om eg ser eit spanande motiv.

«Gorilla Truck», som no heng utstilt i New York, kom han over rett nord for Førde.

– Det stod ein veldig forseggjord Scania-lastebil som reklame for eit Country-arrangement parkert langsmed vegen.

– Eg måtte jo berre stoppa å bilde av den!

No er både lastebil og gorilla på ein vegg i New York.

Her kan du sjå bilda til Larsen og lesa meir om utstillinga på heimesidene til New York Art Gallery. (Newyorkart.com)

Er du i New York og på Manhattan heng «Gorilla Truck/ Scania» der ut månaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.