Kultur | 25. okt. 2019

Frå Oseana direkte til over 100 institusjonar

Dobling frå mars: Oseana Live sender kveldens Eva Weel Skram-konsert til «heile» Noreg.

Frå Oseana direkte til over 100 institusjonar
Eva Weel Skram sin konsert i Oseana i kveld når ut til over 100 institusjonar, frå Finnmark i nord til Agder i sør. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. okt. 2019 15:45

Den populære Sogndal-artisten Eva Weel Skram er i kveld tilbake i Oseana.

Ho har i skrivande stund selt over 350 billettar, men gjestane i Oseanasalen er langt ifrå dei einaste som får konserten med seg.

– Denne konserten er ein av årets streamingkonsertar. Vi takkar Stageway og Eva for velvilje, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

– Og sjølvsagt Kavlifondet, som finansierer prosjektet.

Dobling frå mars

Sist dei sendte direkte, Eggum og Sivertsen i mars, gjekk det ut til 54 sjukehus og andre institusjonar.

I kveld er det over 100 plassar som mottar kultursignal frå pionerprosjektet på Mobergsneset.

– Vi sender til blant anna Kirkenes, Bodø, Tromsø, Ålesund, Froland i Aust-Agder, Odda Ål og Moss. Dei to siste i år er standup med Are Kalvø og Aurora sin konsert.

• Sjå stemninga på Luranetunet under direktesendinga av Ingebjørg Bratland (mars 2018)

Gratis - men verdifullt

Alt er kostnadsfritt for både pasientar og institusjonane som mottar - utover det dei måtte rigga seg til med av storskjerm og servering. Oseana hyrer inn Bright på det tekniske, mens prosjektet er sponsa av Kavlifondet. Artistane tar ikkje betalt for at konserten deira når ut til langt fleire enn det blir selt billettar til.

– Ideen er å nå ut til dei som sit fast ein plass, dei som av ulike årsaker ikkje kjem seg på kulturarrangement. Sjølv om det går gode konsertar på TV, er det noko eige med å få ein konsert sendt direkte. Musikarane kjem gjerne med ei helsing til dei som ser på, og pasientar får eit klokkeslett å forholda seg til, så dei kan sjå det saman.

– Fleire institusjonar lager også ekstra stemning med servering av god mat og drikke når det er konsert eller andre direktesendte show, og så køyrer dei kanskje ein reprise, i tilfelle konserten går litt seint. Kveldens konsert blir sendt om igjen på dagtid over helga.

– Ein vakker pause

Tilbakemeldingane har varma.

Camilla Marie Erlandsen, musikkterapeut ved Bergen Røde Kors Sykehjem, har sendt ei grundig utgreiing om kva desse sendingane kan bety.

Her er eit utdrag:

«Undertegne har vært teknisk ansvarlig på en teaterforestilling og to konserter fra Oseana og har sett hvor mye glede pasienter og pårørende har hatt med dette tilbudet og ønsker at flere skal få mulighet til slike konsertopplevelser. På en av konsertene deltok en pasient med massivt hjerneslag (pleietrengende) og afasi (språkvansker) sammen med sin kone. Det var rørende å se hvordan de satt sammen og holdt hverandre i hånden gjennom en og en halv time, som om skillet mellom dem, en pasient og en hjemmeboende, tok pause for en liten stund. Vakkert!» skriv ho.

Årets to siste direktesendte frå Oseana blir standup med Are Kalvø si berøte hyttebok frå ein viss plass, og Aurora sin konsert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.