Lokal | 03. mars 2015

Frå Rock n´ LOL til Oseana

Rock n´LOL-bakmann William Lindborg vald til nytt styremedlem i Oseana KF. – Eg håper eg kan bidra til å ta huset vidare.

Frå Rock n´ LOL til Oseana
William Lindborg, her under planlegginga av Søfteland Rock n´LOL for nokre år tilbake, er nyvald styremedlem i Oseana KF (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 03. mars 2015 19:56

William Lindborg blei litt overraska då Midtsiden kontakta han i forkant av kommunestyremøtet tysdag med spørsmål om korleis det blir å gå inn i styret for Oseana KF.

– Skal eg det ja.

– Eg blei spurt for ei tid tilbake sidan, men høyrde ikkje noko meir, så eg rekna med at eg ikkje var aktuell.

– Men det blir kjekt det.

– Eg har jo bakgrunn frå musikk og no jobbar eg med film i BIFF, to av dei viktigaste tinga Oseana held på med, så litt har trur eg har litt å bidra med, både av kontaktar og idear.

Spent på å sjå det innanfrå

Mest spent er det nye styremedlemmet på å høyre kva og korleis ein tenkjer omkring drifta av Oseana.

– Fram til no har eg jo berre sett det utanfrå.

– Det skal bli spennande å få vita litt om kva dei tenkjer og korleis dei ser for seg å driva eit så stort kulturhus på ein relativt liten plass som Os.

– Eg opplever vel at den støyen som var rundt Oseana og Fjellheim då huset opna har lagt seg.

– Det virker som om folk har vent seg til det nye. Jobben vår i styret blir jo, saman med administrasjonen, å få enno fleire til å nytta seg av tilboda i huset.

Eit av dei beste husa

Med fleire års erfaring frå Søfteland Rock n´LOL og andre konsertarrangement veit Lindborg eindel om det å arrangera konsert.

– Eg har jo vore så heldig å få vera med på å arrangera ein god del konsertar sjølv, på veldig mange plassar.

– Oseana er eitt av dei enklaste plassane å gjera det på. Huset er tilpassa og bra og dei som jobbar der har kompetansen.

– Potensialet til huset er enormt, slår det nye styremedlemmet fast.

Aurora-konserten eit vendepunkt

Oseana har fleire gonger freista seg med konsertar mot eit yngre publikum med varierande hell.

– For min del var konserten med Aurora Aksnes eit vendepunkt.

– Omlag 500 tilhøyrarar er mykje. Det må folk hugse.

– Det viser potensiale til huset. At salen tek enno fleire er berre bra, men vi skal ikkje gå i den fella å seie at noko ikkje var ein sukess fordi det ikkje var fullt.

– Alt kan ikkje selgja ut, då må vi slutta å byggje store fine kulturhus om vi skal klare å ha fulle hus kvar gong.

– Nei, ein må tørre å gjera ting som ikkje fyller kvar gong.

– Utviklinga det siste året for Oseana tykkjer eg har vore spennande.

– Eg håper eg kan bidra til at den positive utviklinga held fram, avsluttar William Lindborg.

Styret som blei einstemmig valt av kommunestyret tysdag består av:

Terje Søviknes for 1 år – Wenche Synnøve Fagerthun for 1 år (vara)
May Brit Haringstad Mjøs for 1 år - Gustav Bahus for 1 år (vara)
Hilde Jensen for 2 år - Paal Moberg  for 2 år (vara)
Bodil Dale for 1 år - Torbjørg Brattabø for 1 år (vara)
Gert Atle Gundersen for 1 år - Hans Petter Jørgensen for 1 år (vara)
William Lindborg for 2 år - Susanne Lekven for 2 år (vara)
Bjørn Stian Bjoarvik for 2 år - Otto Lyssand for 2 år (vara)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.