Sport | 28. jan. 2019

Frå Sandnes Ulf til Os

Roger Blokhus Ekeland har skåra over 100 mål for Stord. No skal han bli goalgetter på Kuventræ.

Roger Blokhus Ekeland (t.v.) saman med Endre Brenne. (Foto: Os Fotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. jan. 2019 21:48

Christoffer Hafsås, som saman med Mats Cato Moldskred blei toppskårar i Os, viste interesse for å bli med vidare. Men klubben og Hafsås blei ikkje samde om ny kontrakt, men har nyleg signert ein annan spiss.

Roger Blokhus Ekeland rakk å skåra 19 mål på 20 kampar for Stord før sommaren 2017 var over. Då signerte han for Sandnes-Ulf i OBOS-ligaen. Der fekk han 7 kampar for A-laget, skåra 11 mål på 11 kampar for B-laget og spelte i haust 9 kampar for Egersund, på utlån, i PostNord-ligaen.

– Dette er ei storsignering for Os, seier hovudtrenar Endre Brenne.

– Ekeland er ein ambisiøs spelar, 24 år gamal, og har mykje bra å visa til.

Barndomskameratar

Han har skåra til saman 108 mål for Stord fotball, der han blant anna har spelt saman med Os sin assistenttrenar, midtbanespelar Rune Mo.

Dei to er barndomskameratar, begge frå Kvinnherad, og har vakse opp i Trio før dei gjekk til Stord.

Ekeland har ifølgje osfotball.no signert toårskontrakt. Han er lærar og skal ha fått jobb i Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.