Sport | 01. juni 2013

Frå SFO til FFO

Telenor Xtra til Os: Skulefritidsordninga (SFO) på Kuventræ blir frå hausten supplert med eigen fotballfritidsordning (FFO).

Talentfulle Simen i sving på fotballskule på Kuventræ i fjor sommar. Frå hausten av er det fotball-SFO (FFO) på Kuventræ. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. juni 2013 07:04

Os Turn har fått innvilga søknad om å få Telenor Xtra-konseptet til Kuventræ. Telenor Xtra er eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund og sponsor Telenor.

– Dette var veldig gledeleg! Vi ønskjer å auka aktivitetsnivået på Kuventræ på fleire nivå, og med Telenor Xtra får vi eit ferdigutvikla og kvalitetssikra opplegg av fotballforbundet, seier dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält.

Telenor Xtra har som kjernegruppe utøvarar i alderen 9 til og med 12 år (4. til 7. klasse), men med rom for individuelle vurderingar. FFO-en følgjer skuleåret og er open frå 13.30 til 16.30 frå måndag til torsdag.

– Vi kjem til å senda ut invitasjonar over helga og startar FFO frå skulestart til hausten, fortel Hans.

Kvalitet og utstyr

Det ligg ingen direkte økonomisk støtte til Os Turn som følgje av innvilga søknad, men med Telenor Xtra-status får klubben utstyr til både arrangør og elevar.

– Det viktigaste er at dette er eit ferdigutvikla opplegg, både på organisering og på pedagogisk gjennomføring.

Utviklingsavdelinga i NFF har ansvaret for å utvikla og gjennomføre innhaldet i Telenor Xtra. Fotballaktiviteten er sentral, men den er utforma som eit supplement til den vanlege fotballtreninga på ettermiddagen.

FFO blir drive av lokale kvalifiserte instruktørar og leia og følgt opp av ein nasjonal rektor frå Utviklingsavdelinga i NFF.

Plass til alle?

I forkant av søknaden om Telenor Xtra har Parnefält vore i dialog både med rektor ved Kuventræ skule og med Sanviken IL, som allereie har Telenor Xtra som tilbod.

– Eg har også vore på besøk i Sandviken og sett korleis dei gjennomfører det.

Telenor Xtra er open for alle, gutar og jenter, og elevane kan velja om dei vil gå to eller fire dagar i veka. Fotballfritidsordninga til Os Turn vil ha 20 plassar per dag.

På Kuventræ skule åleine er det 170 elevar i målgruppa, men FFO-en er open for alle.

– No er eg spent på responsen. Vi håper dette er starten på noko vi seinare kan utvida, både i storleik og kanskje med ein eigen generell idrettsfritidsordning, med fleire idrettar i fokus, seier Hans.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.