Lokal | 29. mai 2013

Framleis høg fart

87 og 82 km/t i Hegglandsdalen og på Hatvikvegen. Moped råkøyrde og prøvde stikka. Rullestolførar skapte nestenulukker.

Framleis høg fart
Hegglandsdalsvegen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 29. mai 2013 07:56

I løpet av dei siste månadane har politiet stoppa omlag 10 bilførarar i Hegglandsdalen og på Hatvikvegen etter at dei har køyrd for fort på strekningane.

– Måndag blei ei kvinne målt til 87 km/t i 50-sona på Hatvikvegen og ein mann målt til 82 km/t i 50-sona på Hegglandsdalsvegen.

– Dei får båe reaksjonar frå politiet, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Klagar på politiet

Han er litt overraska over at folk framleis held så høg fart på dei aktuelle strekningane, sjølv om det har vore fokus på saka både i media og frå politiet si side dei siste månadane.

– Samstundes må eg legga til at vi i eitt av tilfella har fått klage på kontrollmålinga.

– Vedkommande meiner å ha blitt ast opp til å køyre for fort av den sivile politibilen.

– Dette vil bli sett nærare på, men det er lov til å nytta sunn fornuft og blinka seg til sides, om ein meiner at bilen bak pressar ein, påpeiker politioverbetjenten.

Mopedførar stakk

I tillegg til dei to bilistane stoppa politiet ein mopedførar som blei målt til å køyra i 63 km/t i 50-sona i Hegglandsdalen.

– Vedkommande stoppa ikkje for patrulja og freiste å stikka av.

– Patrulja fann att føraren og oppretta sak på køyringa, seier Sperrevik.

Nestenulukker med rullestol

Det er ikkje berre råkøyrarar som har skapt behov for politiet si merksemd i Heggalandsdalen.

– Tysdag fekk vi fleire meldingar om det som truleg var ei ung jente i ein elektrisk rullestol.

– Ho skal ha skapt fleire nesteulukker med møtande ordinær trafikk.

– Patrulja var ute og såg etter rullestolen, men fann ikkje den, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.