Lokal | 09. apr. 2013

Framleis i fjorden

Flokken med spekkhoggarar symjer framleis rundt i Bjørnefjorden. I 14.30-tida tysdag dukka dei opp framfor Oseana.

Framleis i fjorden
Ein av dei fire spekkhoggarane mellom Raudholmane og Mobergsvikjo (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 09. apr. 2013 14:28

Bildeserie:

På veg frå spa til bygdekino? (foto: AH)
På veg frå spa til bygdekino? (foto: AH)
Ingen kino, då får ein leika seg med fisken ved Raudholmane (foto: AH)
Ingen kino, då får ein leika seg med fisken ved Raudholmane (foto: AH)
Spruten sto på utsida av holmane (foto: AH)
Spruten sto på utsida av holmane (foto: AH)
1 av 3
På veg frå spa til bygdekino? (foto: AH)
Ingen kino, då får ein leika seg med fisken ved Raudholmane (foto: AH)
Spruten sto på utsida av holmane (foto: AH)

I går skreiv Midtsiden om spekkhoggarane som nesten kunne sjå ut som om dei hadde tenkt seg på Spa på Solstrand.

I dag kan det nesten sjå ut som om dei hadde tenkt seg på kulturelle opplevingar då dei kom sigande langs moloen framfor Oseana og ein liten sving innom ytste del av Mobergsvikjo.

Det var nesten så ein kunne høyra at faren fortalte "at nei, ungar det var ikkje bygdekino i dag. Vi får heller ta oss ein tur ut til Raudholmane og leika oss med fisken på grunna der".

Dei fire dyra dukka og kom fram att på sørsida av Raudholmane, kor dei tett innpå holmane nesten såg ut som om dei hadde sisten.

Les òg:

Spekkhoggar på spa?

På spekkhoggar-safari

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.