Næringsliv | 27. mai 2010

Framleis «ope» i lageret

For snart tre månadar sidan pressa store snømengder hol i taket på Rema 1000 sitt lager i Ådnadalen. Det er framleis hol i taket.

Framleis «ope» i lageret
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. mai 2010 07:21

I starten av mars kom regnet, og dei store snømengdene i bygda skapte trøbbel for fleire tak. Også det største taket i Os, det over 37.000 kvadratmeter store taket på lageret Lidl bygde før dei trekte seg ut av Noreg, fekk svi.

- Vi oppdaga skaden første veka i mars og leigde inn eit firma til å sikra staden og rydda resten av taket for snø, sa Tommy Guldbrandsøy i Atr Eiendom AS den gong.

Skal reparera
Sundag var Midtsiden på flytur med Os Aeroklubb, og då vi gjekk inn til landing såg vi har det framleis er hol i taket. Holet skal vera rundt 200 kvadratmeter stort, sjølv om det ikkje ser så ruvande ut på det enorme taket.

- Sidan det berre er grus under taket så har det ikkje hasta med å reparera skaden. Men vi er faktisk i desse dagar i ferd med å få det gjort, seier Guldbrandsøy til Midtsiden.no i dag.

Ventar på ny veg
Han seier også at det elles ikkje er noko nytt med tanke på å få leigetakarar eller kjøparar.

- Vi har nokre interessentar, frå industri til lager og verkstad, som kan koma til å leiga deler av bygningen.

- Men det er ikkje mange, og vi har ikkje noko konkret å jobba med nett no. Når det er meir klart kor tid nyevegen til Bergen kjem blir det nok ein større marknad å jobba med, trur Tommy Guldbrandsøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.