Kultur | 07. juli 2021

Framleis prega: Elvehuset og Catten etter gjenopninga

Fotball-EM og konsertar gir viktig drahjelp.

Framleis prega: Elvehuset og Catten etter gjenopninga
Bjarte Andersen framfor ein av skjermane mens Spania kjempa med å avgjera mot Italia før full tid i gårsdagens semifinale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. juli 2021 08:34

Frå 27. mai kunne serveringsbransjen gle seg over trinn 2 i gjenopninga, som blant anna inneheldt skjenking til midnatt i staden for til klokka 22.

Catten Nightclub opna dørene igjen, for første gong sidan 6. februar.

– Dessverre var Premier League-sesongen over og Champions League-finalen blei spelt før vi sette fotballabonnenta våre i drift igjen, men heldigvis er det fotball-EM i år, seier Bjarte Andersen.

Sjølv om kampane går på NRK og TV2 er han nøgd med besøket under EM.

– Det varierer ut frå kven som speler, og kva vekedag kampane går, men vi ser at både Danmark, England og Polen sine kampar har fåt venegjengar ut av huset og ned på sportsbaren.

– Vi har også hatt ein del gjestar eg ikkje kan hugsa å ha sett her før. Det har vore ein del spørsmål i døra på gateplan om vi er opne, og om dei kan koma inn og sjå. Kanskje er det turistar i bubil og båt som tar seg ein runde på Osøyro.

Dei hektiske timane

Frå søndag 20. juni var vi på trinn 3. Då forsvann krav om skjenkestopp ved midnatt, men det er framleis ikkje lov å sleppa inn nye gjestar etter midnatt.

– Vi har no hatt to helger med skjenking etter midnatt. Den første helga var det fullt hus og veldig god stemning, den andre helga var fredagen best, mens laurdagen blei ganske roleg.

– Mange kjem kort tid før midnatt. Vi jobbar hardt med å prøva å unngå at det tettar seg til med folk i døra.

Det er også krav om servering ved borda. Gjestane har heller ikkje lov å gå frå bord til bord, dei kan berre flytta seg frå plassen sin når dei skal på toalettet.

– Vi er ein pub, ikkje ein restaurant, og ser at vi treng trening på dette med servering. Innimellom krev det litt ekstra av oss å passa på gjestane. Dei er gjerne i god stemning, mens vi må vera den strenge som passar på at dei held seg på plassen sin.

Catten, som har vore ute av gamet sidan starten på februar, nøydde seg med å skjenka til 02, sjølv om dei har skjenkeløyve til klokka 03.

– Vi ventar med skjenking til 03 til gjenopninga har kome til trinn 4.

Vellykka smaks-arrangement på Elvehuset

Baren for det meir vaksne publikummet, kulturscenen «Baronessen», fekk seg ein ekstra fot å stå på under pandemien.

Med utviding til to etasjar, med restaurant på gateplan, blei namnet i fjor endra til Elvehuset.

Restuaranten har blitt hovudgeskjefta under pandemien, men no byrjar det å skje ting i andre høgda.

Jostein Eck fortel om godt besøk på øl- og vinsmaking. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jostein Eck fortel om godt besøk på øl- og vinsmaking. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Det har vore ein fin forsommar i restauranten, men noko vanskeleg å seia kor tid det blir travelt. Den eine dagen sto eg åleine her, og måtte brått laga 45 middagar og 3 dessertar, fortel Jostein Eck.

Nokre arrangement har det òg blitt rom for.

– Vinsmaking og ølsmaking har vore fullsette, og dei blir det fleire av, lover Eck.

Elvehuset har over 40 typar øl frå 6 ulike produsentar, og har nyleg fått løyve til å brygga sitt eige øl. Det kjem vi tilbake med meir om i eiga sak.

Nestemann ut: Egil Eldøen

Med trinn 3 i gjenopninga har Eck også byrja å booka band. No skal det bli fart i 2. etasjen igjen.

Neste konsert er laurdag 17. juli. Då står Egil Eldøen og Helge Nyheim på scenen.

– Dei skal forbi Os og spurde om å stoppa og spela her. Dette blir veldig kjekt! Eg høyrde mykje på Eldøen og Lava i bilen på 1980-talet, fortel Jostein.

Eldøen og Lava vann Spellemannsprisen på 1980-talet. Låten «Take your Time» blei ein hit i Europa, Lava blei backingband for Randy Crawford og Egil song fleire duettar med den amerikanske soulartisten, blant anna «The Best of Me».

Nyheim blir skildra som ein av landets beste og mest rutinerte trommeslagarar, og er blant anna del av Pink Floyd-prosjektet «Dark Side of the wall - The Nordic Floyd Show».

– Vi riggar det til som ein intimkonsert med sitjeplassar, tilsvarande suksessen vi hadde med Jonas Fjeld.

Helga etter står jam og Erik Rolland på plakaten.

Seinare i haust skal blant andre Blue Note Shuffle, Acoustic Blues, Steinar «Lighsand» Lyssand, Dag Bergesen, Trond Olsen, Mighty Magnolias og Vintage Pilots på plakaten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.