Framskritt gjennom samarbeid
NÆRINGSNYTT VEKE 51: Ei veke rommar plass til mange framskritt for næringslivet Bjørnafjorden. Fleire av desse er resultat av samarbeid på tvers av aktørar – prakteksempelet finn vi i Øyane.


Velkomen til nyheitsbrevet vårt, Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du også vil vere blant dei hundrevis som får nyheitsbreva våre rett i eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på desse her.
Alsaker kjøper Bolaks, Amfi Os blir Thon Senter Os, og Bunnpris-drivarane i Øyane, som stengte dørene i oktober utan å vite om dei kunne opne igjen, kan gle seg over godkjent byggesøknad for nytt butikkbygg.
Ei veke rommar plass til mange framskritt for næringslivet Bjørnafjorden. Fleire av desse er resultat av samarbeid på tvers av aktørar. Prakteksempelet finn vi i Øyane.
Vilje til å finne løysingar
I utgangspunktet ville drivarane, mor og dotter Brimsholm, ta opp lån for å restaurere butikken. Bankane sa nei til å finansiere nytt næringsbygg på festetomt med gjeldande vedtekter.
Anne Brimsholm kontakta dei fire største lokale firmakundane sine, Samba Marin, Inka, Dales Rederi og Hargun Havfiske.
– Alle sa ja til å møtast, og to dagar seinare var alle positive til å bli med, sa ho i oktober.
Grunneigar, Øinæs grunneigarlag, har også lyst å sikre vidare butikkdrift i Øyane. I november kom dei saman og endra vedtektene sine. Med 83 mot 3 stemmer blei det med stort fleirtal opna opp for å kunne selje eigedommen.
Endå meir vilje
Nyleg har det vore utvikling på to frontar i saka. På drivar-sida har det kome til ein femte investor.
– Vi hadde Bergen Marinesenter på ønskelista frå før. Firmaet ligg i Bergen, men eigar Ståle Daae Børnes har budd i Øyane lenge. Det var veldig kjekt at han òg ville vere med, seier Brimsholm.
I tillegg har Bjørnafjorden kommune innvilga naudsynte dispensasjonar for prosjektet og godkjent byggesøknaden.
På nyåret vil grunneigarlaget ta stilling til oppdatert tilbod frå butikkinvestorane.
– Internt i styret er vi innstilte på å gi vekk eigedomen vederlagsfritt. Føresetnaden er at vidare butikkdrift er sikra og risikoen redusert, seier Erik Vågen frå grunneigarlaget.
Delingskultur
Samarbeid pregar ikkje berre eigedoms- og handelsprosjekt. Fleire næringslivsaktørar har brukt innspurten fram mot jul til å samarbeide.
Bjørnafjorden næringsråd inviterte 10. desember til workshop, der det lokale IT selskapet Bergøya delte raust av kompetansen sin knytt til kunstig intelligens (KI): Mogelegheiter, fallgruver å unngå og nyttige brukartips.
Fleire av tipsa er nyttige anten du er på jobb eller bruker KI på fritida. Du finn dei i saka nedanfor.
Samla om felles forslag
Ikkje berre i det faktiske næringslivet, men i politikken som påverkar næringslivet, blir det samarbeida.
Politisk posisjon i kommunen har gått saman om å lage budsjettframlegg for 2026 og økonomiplan for 2026-2029.
Frp, Høgre, KrF, INP og uavhengig (Nils Ove Lauvik) er samla om felles forslag, og når politikarane møter i kommunestyresalen i morgon tidleg, er sannsynet veldig stor for at det er nettopp deira budsjettframlegg som blir vedtatt.
Midtsiden vil følge både budsjettarbeidet og utviklinga i næringslivet vidare – og halde deg oppdatert på nye vedtak, og nye framskritt.
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist










