Lokal | 01. juli 2021

Fredag blir varmaste dagen - og kanskje den siste med sol

Yr og Storm med svært ulike meldingar for helga.

Fredag blir varmaste dagen - og kanskje den siste med sol
Solnedgang over Sørstrøno i går kveld. sett frå Lepsøybrua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. juli 2021 09:08

Etter fleire veker med nesten samanhengande opphaldsvêr, men nordavind og rundt 15 gradar, kom det i går endeleg finare sommarvêr.

I dag er det venta 23 gradar, fredag 25 gradar. Vindstyrken skal halda seg på rundt 3 m/s i dag og under 2 m/s i morgon.

Skyene skal halda seg vekke.

Fare for vêromslag fredag kveld

Men; dette er ifølgje Yr. Storm, som også i førre godvêrsperiode meldte 4-5 gradar lågare temperatur enn Yr, melder berre 18 gradar i dag og i morgon.

Storm melder dessutan lyn fredag kveld og regn gjennom heile laurdag og fram til lunsj søndag.

Yr melder lettskya samanhengande fram til tysdag midt på dagen. Dei melder lågare temperatur laurdag, då får vi berre 17 gradar, men 22 søndag og 21 varmegradar måndag.

Det er med andre ord usikre meldingar for helga, men svært varme og vindstille spådomar for morgondagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.