Vinnar av mixklassen, debutantane FC Rosa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Freestyle-Sondre vann MidtsidenCup på første forsøk

Alle tittelforsvararane kom til finale, men i mixklassen stakk nykomarar av med førsteplassen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag gjekk årets MidtsidenCup av stabelen. I siste sving blei det rydda plass til to mixlag, eitt av dei var sydd saman av nokre jenter utan lag, og Ungdomskilden IL, som tidlegare har deltatt i herrar amatør i ei årrekkje.

(Vi kjem med utvida bildeserie i eigen stmeningsrapport frå cupen)

Det gjorde at cupen fekk 21 deltakande lag, 10 i herrar amatør, 6 i mixklassen og eliteklassen 5 lag.

– Tok ein telefon til gamlenaboen

Tittelforsvarar Superlaget spelte mixfinale mot FC Rosa. FC Rosa hadde freestyler Sondre Ødegård Aksnes som lagleiar.

• Video: Sondre til topps med Varde

– Eg tok ein telefon til Elias (Salbu), og han fekk med seg skulekameratar frå Kongshaug, fortel Sondre.

Sjølv har han ikkje spelt fotball på fire år, sett vekk frå triksing og futsal. Saman med osingane Elias og Sara Skaatun, og resten av gjengen frå Kongshaug, tok han seg likevel heilt til topps. Nokre av spelarane i troppen varma opp til cup ved å gå over Lepsøybrua i undikken.

FC Rosa
Sondre Ødegård Aksnes
Alexander Instøy
Alida Nesheim
Andrea Gilje Solheim
Benjamin Østevold
Elias Grimstad Salbu
Hans Christian Eide
Hans-Henrik Heier
Idar Rolland
Judah John Kubendran
Kristian Mjelstad
Lukas Theis
Maria Lade
Peter Tveita
Sara Skaatun
Sigurd Espeseth Kaslegard

3 av 3 i største klasse

Eitt av laga i herrar amatør måtte trekka seg fredag, men klassen var med ti lag likevel den største.

Tittelforsvarar Sunday League Football, med Eirik Skåtøy i spissen, vann greit over Børge Borgen og co i Slumdogs Millionaires.

– Konkurransen var hardare i år enn tidlegare, seier lagleiaren, som har vunne tre av tre år.

Det sto 2-1 før kampen starta, grunna handikap. Stian Lunde auka til 3-1 tidleg, så la Christian Frugår på til 4-1 før slutt.

Sunday League Football:
Jarle Børve
Andreas Berge
Bjarte Skåthun
Eirik Skåtøy
Frode Lund
Johannes Vedelden
Tore Tveit
Fabian Reiertsen
Remi Reiertsen
Stian Lunde
Christian Frugård
Jacob Lassen

Best av dei beste

I eliteklassen forsvarte Os-spelarane på Kattakve Oldboys tittelen mot tidlegare lagkamerat Enrique Crespo Søvik på Pondus. Pondus hadde i tillegg med seg fire blad Austevoll, blant dei Sindre Austevoll (Åsane), og andre aktive spelarar frå lag som Bjarg og Smørås.

Pondus slo eit knippe Os 2-spelarar på Rinkeskytterne i straffekonk i semifinalen.

I finalen var det gjestane frå by'n som fekk overtaket, men Kattakve gav aldri opp. Kort tid før slutt fekk Divaldo Cardoso fyrt av ein salve langs bakken, og finalen gjekk til straffesparkkonkurranse.

Då Chris Sunde Midtun redda straffe nummer to, og Kattekve trefte på siste straffe, var tittelen forsvart for laget til dametrenar Stian Kvåle.

Kattakve Oldboys:
Torkel Hjertnes
Marius Mikkelsen
Chris Sunde Midtun
Divaldo Cardoso
Thomas Spilde
Alexander Lindkvist
Steffen Skår
Christian Mikkelsen
Joachim Bjånesøy
Nils Andre Eidsheim

Fleire saker